Inga tradisjonell 17. mai-feiring

Også i år vil 17. mai-feiringa verta prega av koronapandemien og av smitteverntiltak.
Klikk for stort bilete T. Espeseth / Pixabay.    

Regjeringa har ikkje kome med eigne reglar for 17. mai, men har understreka at markeringar av dagen må gjennomførast innanfor gjeldande nasjonale og lokale reglar og tilrådingar.

Her er nokre sentrale reglar:

  • Hald minst ein meter avstand til andre. Hald hendene reine, og hald deg heime dersom du er sjuk.
  • Avgrens sosial kontakt og møt heller andre utandørs enn innandørs.
  • Ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester. Dersom alle gjestene høyrer til same husstand, kan de vera fleire, men ein må kunna halda avstand. Barn i barnehage og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort, og barn og unge kan ha besøk av ein til to faste venar.
  • Utsett eller avlys arrangement som samlar personar frå ulike kommunar.
  • Utanom private heimer kan ein på private samankomster samlast maksimalt ti personar innandørs og tjue personar utandørs.
  • På offentleg arrangement (med ein ansvarleg arrangør) der folk sit på faste, tilviste plassar er det tillatt med maskimalt 100 personar innandørs
  • Det er tillatt med maksimalt 200 personar på offentleg arrangement utandørs, dersom det er mogleg å halda minst ein meters avstand.

Kvam herad si vurdering er at desse reglane vil gjera det vanskeleg å gjennomføra tradisjonelle barnetog. Større samlingar i i grendehus, samfunnshus og skulehus vil også måtta utgå. Me rår difor 17. mai-komiteane til å tenkja alternativt, også i år, og til å leggja til rette for markeringar digitalt, eller i form av parader med bil, traktor, båt og liknande, der det er lett å halda tilstrekkeleg avstand.

Mindre markeringar, til dømes nedlegging av kransar, vil lata seg gjennomføra. Det vil også vera mogleg for korps å framføra musikk, så lenge ein kan overhalda reglane.

OBS: Dersom det dukkar opp ny koronasmitte i Kvam herad, kan det verta innført lokale tiltak utover dei nasjonale tiltaka samanfatta over.