Informasjon om planlagt arbeid i fiberkabelnettet

På grunn av omskøyting til ny permanent stamkabel mellom Norheimsund og Øystese, blir det brot på alle samband i kabelen i ein periode natt til onsdag 24.04.19. Det har konsekvensar for mobil- og breibandsdekning.

24. april 2019, i tidsrommet 01:00 til 06:00 vert det gjennomført omskøyting til ny permanent stamkabel mellom Norheimsund og Øystese. Det vil medføra:

  • Redusert mobildekning i Norheimsund, Øystese og Froastad
  • Redusert breibandsdekning
  • Inga mobildekning frå Norheimsund og langs riksveg 7, heilt til Årland i Samnanger

Blålysetatar er varsla om arbeidet.