Idrett, friluftsliv og vindmøller skal opp i formannskapet

Kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er blant sakene formannskapet skal drøfta fredag.Fredag 2. november er det formannskapsmøte. Blant sakene formannskapet på møteplanen er vindkraft, deltaking i lyntogsamarbeid og kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. 

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er under rullering, og skal no vedtakast for perioden 2017 - 2027. Den nye planen byggjer vidare på den tilsvarande planen for 2006 - 2009, og alt det gode arbeidet som vart gjort på bakgrunn av denne.

I saksutgreiinga har rådmannen kome med framlegg til ei rekkje justeringar, og det vert også gjeve svar på dei ti innspela som kom då planen var ute på høyring frå 6. juni til 1. oktober i år. 

Kommunedelplanen skal tydeleggjera kommunen si rolle i arbeidet med å leggja til rette for fysisk aktivitet i Kvam. Planen byggjer opp under dei overordna mål og strategiar som går fram av kommuneplanen sin samfunnsdel 2015 - 2030. 

Planen er tematisk og gjev langsiktige føringar, den inneheld overordna hovudtema og omtaler viktige kommunale innsatsområde for å møta framtidig utvikling og behov i kommunen. Det er eit statleg vilkår for tildeling av spelemidlar at kommunen har ein godkjent kommunal plan på fagområdet.

Planen inneheld ein plandel og eit handlingsprogram. Plandelen viser status og utfordringsbiletet kommunen arbeider utifrå og kva målsettingar me vil jobba mot. Planen er delt inni 4 hovudtema:

  • Eigenorganisert aktivitet
  • Idrett
  • Friluftsliv
  • Anlegg

Handlingsprogrammet består av tiltak knytt til dei fire temaområda. 

Les meir:

Vindkraft

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeider for tida med eit framlegg til nasjonal ramme for vindkraft på land. Føremålet med dette er å medverka til at dei beste stadene vert valde når det vert søkt om konsesjon.

Framlegget skal vera klårt innan 1. mars 2019, og deretter skal olje- og energidepartementet senda det ut på høyring. Alt no har NVE bede om fagleg informasjon av overordna karakter for 43 område dei har plukka ut som såkalla analyseområde. Eitt av desse områda - område 17 - dekker blant anna store delar av Kvam herad. 

Kart over analyseområde 17
Over kan ein sjå kart over analyseområdet. Til høgre ser ein ei vurdering av produksjonskostnaden, markedt med farge frå raudt til blått, der raudt er dyrast (over 44 øre per kWh) og blått billegast (26 - 28 øre per KWh). Dei mørke områda er område som er tekne ut av analysen. 

I rådmannen sitt framlegg til vedtak heiter det at arealbruk til vindkraft må vurderast opp mot regionale interesser, inkludert det største samanhengande områder med uberørt natur i Hordaland. Rådmannen peiker på at store inngrep i landskapet kan påverka friluftsliv og reiseliv i kommunen, og syner også til at delar av området er på den gule lista i kommunen sin nyleg vedtekne kulturminneplan.

Saka skulle eigentleg opp i heradsstyret 2. oktober, men vart utsett. Ho kjem no opp i formannskapet, før ho vert endeleg handsama i neste heradsstyremøte. For å lesa heile saksutgreiinga kan du klikka her.

Lyntogforum

I 2014 vedtok formannskapet i Kvam å gje eit årleg bidrag på 25.000 kroner i perioden 2014 - 2017 til støtte av drift og deltaking i Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli. Også denne saka vart utsett frå heradsstyremøtet i oktober, og skal opp på ny i neste heradsstyremøte. Fredag 2. november blir saka drøfta i formannskapet. Innstillinga er at heradet no skal trekkja seg ut. 

Planprogram for Tokagjelet

Av andre saker som skal opp i heradsstyremøte er ein søknad om å delta i det regionale prosjektet «Saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge», planprogram for kommunedelplan Fv7 Tokagjelet - Kvamskogen og kvalitetsrapporten for barnehage og skule for 2018. 

Heile saklista til formannskapsmøtet finn du ved å følgja denne lenkja