Høyring og offentleg ettersyn av kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Kvam herad har vedteke å leggja kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv ut til høyring og offentleg ettersyn. Det skjer i perioden 06. juni - 1. oktober 2018. 

Den nye kommunedelplanen skal erstatta Kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2006 – 2009.

Planframlegget vert presentert i medhald av Kvam formannskap sitt vedtak 037/18, 06.06.18.

Kommunedelplanen skal tydeleggjera kommunen si rolle i arbeidet med å leggja til rette for fysisk aktivitet i Kvam. Planen byggjer opp under dei overordna mål og strategiar som går fram av kommuneplanen sin samfunnsdel 2015 - 2030. 

Planen er tematisk og gjev langsiktige føringar, den inneheld overordna hovudtema og omtaler viktige kommunale innsatsområde for å møta framtidig utvikling og behov i kommunen. Det er eit statleg vilkår for tildeling av spelemidlar at kommunen har ein godkjent kommunal plan på fagområdet.

Planen inneheld ein plandel og eit handlingsprogram. Plandelen viser status og utfordringsbiletet kommunen arbeider utifrå og kva målsettingar me vil jobba mot. Planen er delt inni 4 hovudtema:

  • Eigenorganisert aktivitet
  • Idrett
  • Friluftsliv
  • Anlegg

Handlingsprogrammet består av tiltak knytt til dei fire temaområda.

Kommunedelplan FA,idrett og friluftsliv

Kontaktinfo

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)