Høyring og offentleg ettersyn av framlegg til reguleringsplan for ny bru ved Steinsdalsfossen

Kvam herad har fått utarbeidd forslag til reguleringsplan for ny bru ved Steinsdalsfossen.  Planforslaget er no på høyring fram til 31.08.2019.

Klikk for stort bilete

Næring-, Plan- og Bygningsutvalet vedtok den 19.06.2019 framlegg til reguleringsplan for ny bru ved Steinsdalsfossen.

Reguleringa er utarbeidd som ein offentleg reguleringsplan med Kvam herad som tiltakshavarar, og ABO plan og arkitektur som fagkyndig konsulent.

Føremålet med planen er å regulera inn ny bru for å betra trafikksituasjonen i området.  Ved å regulera og bygga ny bru for køyretilkomst til Rosseland og Fjærabygda, kan dagens bru fungera som gang- og sykkelveg utan trafikk med bilar eller landbruksmaskiner.  Ei slik løysing vil skapa ein tryggare, meir attraktiv og meir oversiktleg situasjon for både turistar og fastbuande.

Det er gjort vurderingar for å finna ei løysing som i størst mogleg grad ivaretek jordvern, tryggleik og økonomi.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar, offentlege høyringsinstansar m.fl. er varsla om off.ettersyn pr brev.

Saksutgreiing og vedtak, NPB-sak 026/19

Planomtale

Plankart

Føresegner

Vegteikning

Flaumsonekart og rapport

 

Tilgang til alle dokument i reguleringssaka: 17/695

Merknad til planframlegget må leverast skriftleg for Kvam herad innan 31.08.2019

 

For nærare informasjon kan de ta kontakt med sakshandsamar i saka:

Trond Inge Brakestad tlf 56553081  trobra@kvam.kommune.no 

Fellessekreteriatet tlf 56553000  postmottak@kvam.kommune.no