Høyring: Felles eller to råd for menneske med funksjonsnedsetting og eldre?

Klikk for stort bilete Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten skal det veljast representantar til eit felles råd eller to separate råd for menneske med funksjonsnedsetting. Kvam herad ber om innspel og framlegg på kandidatar innan 30. august 2019.

Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personer med funksjonsnedsettelse og ungdom (forskrift om medvirkningsordninger) vart kunngjort 17.6.2019.

Forskrifta var ute til høyring med høyringsfrist 1. april 2019. Etter høyringsrunden har forskrifta vorte endra. Den opnar no opp for at kommunar likevel kan etablera felles råd for menneske med funksjonsnedsetting og eldre dersom dette er naudsynt ut i frå lokale forhold.

Kvam herad påpeika i sin høyringsuttale at Kvam herad har hatt erfaring med både to separate råd og felles råd. Erfaringa Kvam herad har gjort seg ved å slå saman dei to råda, er at Kvam herad har fått ei mykje meir synleg representasjonsordning for menneske med funksjonsnedsetting og eldre. Rådet har ein samla kompetanse som det er vanskeleg å oversjå, det har kapasitet til å ta opp eigne saker, det er lettare å rekruttera nok personar til rådet, og det er lettare for administrasjonen å følgja opp arbeidet til rådet når administrasjonen ikkje må dela ressursane på to separate råd. Kvam herad ytra ønskje om å få lov til å halda fram med ordninga med eit felles råd.  
 
Interesseorganisasjonane og pensjonistlaga vart informert om forslag til ny forskrift og Kvam herad sin høyringsuttale på fellesmøtet som Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre (RMNFE) tok initiativ til 21.5.2019.  
 
Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten skal det veljast representantar til eit felles råd eller to separate råd for menneske med funksjonsnedsetting og eldre. Interesseorganisasjonane og pensjonistlaga vert med dette bedt om å uttala seg til om Kvam herad ut i frå omsynet til kontinuiteten av arbeidet til Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre, rekruttering av representantar og administrative ressursar, kan halda fram med dagens ordning med eit felles råd, eller om det skal etablerast to separate råd.  
 
Interesseorganisasjonane og pensjonistlaga vert også bedt om å uttala seg til vedlagte forslag til retningslinjer (her er det teke høgd for eit felles råd og to separate råd) og til å føreslå representantar (til eit felles råd eller to separate råd). Høyringsfrist og frist med å komme med innspel på representantar vert sett til 30.8.2019.  
 
Det er Kvam heradsstyre som til slutt bestemmer organisering, vedtar retningslinjer og samansetjing av eit felles råd eller to separate råd. Dette er i tråd med Forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre, personer med funksjonsnedsettelse og ungdom (forskrift om medvirkningsordninger) §§ 3 og 4.

Høyringsinnspel og forslag på representantar skal sendast til postmottak@kvam.kommune og merkast med saksnummer: 19/728