Heradsstyret gjekk imot grensejustering

Øyvind Strømmen

Heradsstyret gjekk tysdag imot ei grensejustering som vil innebera at Ålvik vert ein del av nye Voss herad. Helge Karlsøen (V) og Thorleif Hauger (Frp) ville uttala seg positivt til ei utgreiing om grensejustering.

Det er fylkesmannen som avgjer vidare handsaming av saka. Dersom fylkesmannen vil greia saka vidare ut, meiner heradsstyret at det må gjennomførast innbyggjarundersøkingar som kartlegg oppslutnaden om grensejusteringar i ulike delar av Ålvik. I tillegg må det koma fram kvar ei eventuell ny grense skal trekkjast, og kva det vil tyda for innbyggjarane både i Ålvik og i resten av Kvam herad. 

Heradsstyrevedtaket seier også at Kvam herad, ved ei eventuell grensejustering, forventer å venta kompensert for overdraging av kommunale eigedomar og tenestetilbod.