Heradsstyremøte tysdag

Tysdag 18. februar er det ettermiddagsmøte i heradsstyre i Kvam. Dei skal mellom anna diskutera medlemskap i Klimapartnere Vestland, trafikksikringsplanen for dei neste åra og framtida til Hardangerrådet.

Fellesbilete av heradsstyret, teke i samband med deira fyrste møte etter valet 2019. Sigbjørn Linga, HF    

Sakspapira til møtet er tilgjengelege via Kvam herad sin digitale møteportal. Her på kvam.no har du tidlegare også kunna lesa om nokre av tilrådingane formannskapet har kome med:

Trafikktryggleik på kartet

Arbeidet med rullering av trafikksikringsplanen for Kvam for perioden 2020- 2023 vart starta i april 2019, med mål om å ha planen godkjend i innan utgangen av 2019. 

Tidleg i april i fjor vart det invitert til innspel gjennom desse nettsidene, og seinare same månad også gjennom Hordaland Folkeblad og i brev sendt til barnehagar, skular, grendeutval og andre. I alt er det registrert heile 2020 innspel, inklusive innspel som låg att frå tidlegare rullering av planen. Desse har vorte vurderte, og mange av dei er bakt inn i planen som no vert lagt fram for formannskapet og heradsstyret. Sjølve planutkastet har ikkje vore på høyring. Planen inneheldt ei lang rekkje tiltak, blant dei topprioriterte er fullføring av gang- og sykkelveg på strekninga Øystese - Laupsa, gangveg på strekninga mellom Pensjonisten og Torget i Ålvik, gjennomgang av fartstiltak i dei ulike tettstadene i kommunen og strakstiltak ved Norheimsund skule, Øystese barneskule og Kvam ungdomsskule. 

Saka har vore oppe i både ungdomsrådet og formannskapet tidlegare. Ungdomsrådet gav si støtte til rådmannen sitt framlegg til vedtak, men understreka at det er viktig å ta vare på dei mjuke trafikantane, og peikte då særleg på farlege kryssingspunkt på skulevegane. Dei etterlyste også oppgradering av dekket på den gamle Straumsbrua i Norheimsund. 

Formannskapet slutta seg også til rådmannen sitt framlegg, men la til nokre ytterlegare punkt som må innarbeidast, blant anna knytt til kryssing av vegen i Vikøy sentrum og opprydding i siktsona i krysset mellom Kaldestadvegen og Kvam auto. Formannskapet peikte også på at det er behov for avklaringar rundt vidare framdrift i arbeidet på strekkja Dragsbrua - Augastad.

Klimapartner no, eller seinare?

Klimapartnere er eit partnarskap mellom akademia, offentlege og private verksemder, som arbeider for å redusera eigne klimagassutslepp, og også arbeider saman for grøn samfunns- og næringsutvikling. Dei fleste medlemene er private verksemder, men Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy, Stord og Samnanger kommunar er også medlemer. I samband med budsjettet for 2020 vedtok heradsstyret at ein skulle vurdera medlemskap.

Når det gjeld medlemskap i Klimapartnere Vestland hadde rådmannen i utgangspunktet lagt fram to alternative framlegg: det eine var at Kvam herad melder seg inn frå 1. mars 2020. Det andre var at ein fyrst skal prioritera arbeidet med energi- og klimaplan, og at det skal gjerast ei ny vurdering av medlemskap i samband med arbeidet med denne planen. I saksutgreiinga skriv rådmannen at eit medlemskap kan vera til nytte i arbeidet med klimaplanen, men også at det kan føra til at prosessen med både planarbeid og oppfølging av medlemskapen kan koma til å gå seinare, fordi ein har ei avgrensa mengd ressursar i administrasjonen. 

Ungdomsrådet, og eit fleirtal i formannskapet, har rådd til den sistnemnde løysinga, medan eit mindretal på tre ynskte medlemskap allereie frå 1. mars. 

Debatten er også omtalt i lokalavisa Hordaland Folkeblad si fredagsutgåve. 

Kva er framtida for Hardangerrådet?

Etter at det var klart at fire av dei sju tidlegare medlemskommunane i det interkommunale Hardangerrådet skulle slåast saman til Ullensvang kommune og Voss herad, starta ein ny debatt om kor vidt rådet skal utvidast til å omfatta tidlegare Voss kommune, samt om framtidig driftsform og finansiering av Hardangerrådet. Dette skal diskuterast av Hardangerrådet 19. mars 2020, og dei ulike heradsstyra er difor bedne om å ta stilling til temaet.

Rådmannen si tilråding (PDF, 619 kB), levert som ei ekstrasak til heradsstyremøtet, er at Kvam skal halda fram med å delta i regionrådet for Hardanger og Voss, men ho peiker samstundes på at den noverande driftsforma er for sårbar og på at utgiftsnivået bør reduserast. I tilrådinga til heradsstyret skriv ho også at alternative driftsformer bør vurderast av ein uavhengig aktør, og at oppgåvene eventuelt bør leggjast ut på anbod.

Sjå også: Kvammaordføraren opna Hardingtinget

To interpellasjonar

Det har kome to interpellasjonar til heradsstyremøtet. I den eine uttrykker Hans Arne Børsheim (KrF) uro over valet av kjøkenløysing for Strandebarmheimen. Han føresler at heradsstyret skal be rådmannen koma attende med ei vurdering av moglegheitene for å etablera eit institusjonskjøken ved heimen, og ber også om status når det gjeld samlokalisering av helsetenester som lege, fysioterapi og helsestasjonen. 

I den andre ber Kvam Senterparti rådmannen utgreia moglegheita for å setja av eit areal i Kvam til motorsportbane, og syner dei til at det er mange motorsportinteresserte ungdomar og vaksne i heradet. Dette er også eit temaet ungdomsrådet har teke opp i samband me si handsaming av den tidlegare nemnde trafikksikringsplanen.