Heradsstyremøte onsdag

Onsdag kl. 16 er det møte i heradsstyret. Møtet finn stad i heradsstyresalen på rådhuset. På sakslista er felire reguleringsplanar, tilstandsrapportar for barnehage og skule, ombygging av Bjørketeigen barnehage og ei rekkje andre saker.

Fellesbilete av heradsstyret, teke i samband med deira fyrste møte etter valet 2019 Sigbjørn Linga, HF  

Det er duka for andregangshandsaming av tre ulike reguleringsplanar:

  • Reguleringsplan for Gråskorv på Haukås i Strandebarm. Her har miljø-, plan- og bygningsutvalet rådd til at framlegget til reguleringsplan vert godkjend, men med eit tilleggspunkt i føresegnene om at jord frå jordbruksareal som vert bygd ut skal sikrast forsvarleg attbruk i nærområdet, og primært til jordbruksformål. Innstillinga frå utvalet var samrøystes.
  • Reguleringsplan for næringsområde på Valland. Her rår rådmannen til å godkjenna framlegget til reguleringsplan. Det er gjort nokre endringar på bakgrunn av innspela som kom inn i høyringsperioden i vår.
  • Detaljreguleringsplan for ny vidaregåande skule i Kvam. Planen låg ute til offentleg ettersyn i fjor haust, og det er gjort nokre endringar i planen, blant anna er parkeringsarealet og snuareal for buss føreslege endra til eit kombinert formål, slik at dei som skal delta i konkurransen kan koma med gode framlegg til løysingar som aukar trafikktryggleiken. Når det gjeld bevaring av gamle Norheimsund ungdomsskule har Kvam herad og Vestland fylkeskommune vorte samde om at delar av den gamle ungdomsskulen skal stå igjen på tomta, og at ytre fasadar skal tilbakeførast til opphavlege fasadar. Innvendig vert det tillatt å endra berekonstruksjon og riva dekker. 

Ei anna viktig sak i dette heradsstyremøtet er framlegginga av tilstandsrapportar for skulen og barnehagen. Desse rapportane, som alt har vore diskutert i formannskapet, fortel mellom anna om læringsmiljø og om resultat frå nasjonale prøvar. 

Heradsstyret skal også handsama nye økonomiske rammer for ombygginga av Bjørketeigen barnehage. Saka har alt vore handsama i formannskapet, som har rådd til at heradsstyret aukar ramma med til saman 5,6 millionar kroner. I sakspapira peiker rådmannen på at dette vil gje ei meir framtidsretta løysing for både barna og dei tilsette, og betre vilkår for barnehagedrifta. Ei av årsakene til behovet for ei auka ramme er ei anna løysing for utvendige tilbygg og omlegging av vegen som nå går gjennom tunet mellom bygga. Dette vil frigjera store og gode leikeareal.

Sakspapira til desse og andre saker er å finna i innsynsportalen. Møtet blir sendt i kommune-TV