Helse Bergen positive til treårig samarbeidsprosjekt med Helse i Hardanger

I desember inngjekk Kvam herad, Helse Bergen HF og Helse i Hardanger ei intensjonsavtale om vidare samarbeid. No signaliserer Helse Bergen at dei er positive til å inngå ei avtale om eit treårig prosjekt med sikte på å utvikla tverrfaglege helsefremjande tenester. 

I eit brev til Helse i Hardanger, ved styreleiar Stener Kvinnsland, skriv Helse Bergen at dei er positive til ei slik avtale, der ein i tett samarbeid skal arbeida med vidareutvikling av tilbodet til store og ressurskrevjande pasientgrupper i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen peiker i denne samanhang på regjeringa si ferske helsenæringsmelding "Sammen om smartere helseløsninger". I denne meldinga gav regjeringa eit tydeleg signal om at det må utviklast tettare samarbeid mellom helsetenesta og næringslivet. Meldinga er også ei oppmoding om å byggja ein sterkare kultur for slikt samarbeid. I brevet heiter det at Helse Bergen vurderer at samarbeidet med Helse i Hardanger fell inn under dette. 

Premiss for samarbeidet

Blant premissa Helse Bergen legg til grunn er at det formelt vil vera Helse Bergen som står ansvarleg for aktivitet, pasienttryggleik og kvalitet i pasienttilboda. Dei vil også delta med helsepersonell i prosjektet og vil bidra til å utvikla finansieringsløysingar på kortare og lengre sikt.

Helse i Hardanger vil på si side ha ansvar for bygg og lokale, og for den daglege drifta og koordineringa av pasientaktivitetar. Dei skal også delta med helsepersonell og ha ansvar for å oppnemna prosjektleiarar. 

Med dette som utgangspunkt vil det no bli utarbeidd eit utkast til samarbeidsavtale før eit møte 12. juni.