Godkjend reguleringsplan - Strandebarm omsorg

Klikk for stort bileteOversikt over plangrenseKunngjering av Kvam heradstyre sitt vedtak om godkjend regulering. Frist for å framsetja klage er 06.11.20.

Kvam heradstyre vedtok den 29.09.20, sak 094/20, reguleringsplan for Strandebarm omsorg 

Føremålet med reguleringsplanen er å legga til rette for nye Strandebarm omsorg med tilhøyrande uteområde, og å fortetta omkringliggjande bustadområde. I tilknyting til Strandebarm omsorg, på motsett side av vegen til Tangeråsneset, er det lagt inn eit offentleg byggeområde for mogeleg framtidig utbygging av små bueiningar. Planen syner òg grøntområde, samt infrastruktur for veg, parkering, avløp og straum (transformatorkiosk.)

Reguleringsplanen er fremja i regi av Kvam herad og utarbeidd av ABO plan & arkitektur AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr brev.

For meir informasjon:

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 18/1147

Via kommunen si kartløysing på www.kvam.no får du fram planområdet ved å søkja på Planid 20180004

Vedtak om godkjend reguleringsplan er kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 16.10.20. Frist for å koma med klage er 3 veker frå kunngjeringsdato, dvs. 06.11.20

  • Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9.
  • Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven
  • Klage skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.
  • Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. 

Dei som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planen kan ta kontakt med:

  • Trond Inge Brakestad,  tlf 56553081  epost trobra@kvam.kommune.no
  • Fellessekreteriatet tlf 56553000  postmottak@kvam.kommune.no
Trond Inge Myhre Brakestad
Sakshandsamar
E-post
Telefon 56 55 30 81