Godkjend reguleringsplan - Notanes reinseanlegg

Klikk for stort biletePlangrense 20170003Kunngjering av Kvam heradstyre sitt vedtak om godkjend regulering. Frist for å framsetja klage er 21.07.20

Kvam heradstyre vedtok den 16.06.20, sak 058/20, reguleringsplan for Notanes reinseanlegg.

Reguleringsplanen sikrar areal til reinseanlegget med tilhøyrande infrastruktur. I dette ligg mellom anna høve til ny veg ned til anlegget. Samstundes opnar planen opp for meir bruk av området for ålmenta med tilgang til elv og sjø. Det er bygd toalett for ålmenta og regulert inn gangbru over elva.  

Planen er fremja i regi av Kvam herad og utarbeidd av Geoplan AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. vert varsla om off.ettersyn pr brev.

 

Saksutgreiing og vedtak, HST-sak 058/20

Plankart 20170003 (PDF, 357 kB)

Føresegner 20170003 (PDF, 2 MB)

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 17/310

 

Vedtak om godkjend reguleringsplan er kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 30.06.20

Frist for å koma med klage er 3 veker frå kunngjeringsdato, dvs. 21.07.20

Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9.

Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven

Klage skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund..

Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. 

 

Spørsmål kan rettast til sakshandsamar i saka;

  • Leiv Ingmar Kaale   tlf 56553088   leikaa@kvam.kommune.no    el.
  • Fellessekreteriatet tlf 56553000  postmottak@kvam.kommune.no 
Leiv Ingmar Kaale
Rådgjevar
E-post
Telefon 56 55 31 88