Godkjend reguleringsplan Duus - Fonnaland

KKlikk for stort biletePlangrense 20190002unngjering av Kvam heradstyre sitt vedtak om godkjend regulering. Frist for å framsetja klage er 21.07.20

Kvam heradstyre vedtok den 16.06.20, sak 053/20, reguleringsplan for Duus - Fonnaland gnr 5 bnr 27, 32, 33 m.fl.

Føremålet med reguleringsplanen er å fortetta området med 1 ny fritidsbustad med bod, naust og garasje, samt regulera inn eksisterande fritidsbustad.  Det vert i tillegg regulert tilkomstveg, parkering, grønstruktur og eksisterande bryggemiljø med moglegheit for utviding. Reguleringsplanen er i samsvar med arealbruk og føresegner i kommuneplanen sin arealdel 2019-2030.

Planen er fremja i privat regi av Ole Peter Duus og Peter Sebastian Duus,  utarbeidd av Geoplan AS.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr brev.

 

Saksutgreiing og vedtak, HST-sak 053/20

Plankart_20190002 (PDF, 497 kB)

Føresegner 20190002 (PDF, 2 MB)

Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 19/115

 

Vedtak om godkjend reguleringsplan er kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 30.06.20

Frist for å koma med klage er 3 veker frå kunngjeringsdato, dvs. 21.07.20

Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9.

Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven

Klage skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund..

Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. 

 

Spørsmål kan rettast til sakshandsamar i saka;

  • Trond Inge Brakestad tlf 56553081   trobra@kvam.kommune.no   el.
  • Fellessekreteriatet tlf 56553000  postmottak@kvam.kommune.no 
Trond Inge Myhre Brakestad
Sakshandsamar
E-post
Telefon 56 55 30 81