Gjeldande smitteverntiltak

Klikk for stort bileteHer finn du eit samandrag av gjeldande nasjonale smitteverntiltak frå 4. september 2021.

Krav ved innreise til Norge

Det er framleis innreiserestriksjonar. Desse vert klassifisert ut frå smitteisituasjonen med fargekodane grøn, oransje, raud, mørkeraud og lilla. Det er framleis tilrådeleg å feriera i Noreg.

Dei som kan visa at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått COVID-19 dei siste seks månadene (med EU-koronasertifikat eller NHS Covid-pass frå Wales/England) kan reisa inn i landet og er unnateke frå krav om test før ankomst, på grenseovergangsstaden og innreisekarantene.

Sosial kontakt i private heimar

Det vert tilrådd å ha maksimalt 20 gjestar i private heimar, og oppmoda til at ein møtest utandørs. Ved besøk heime vert beskytta ikkje talt med i antallsavgrensinga, men det må stadig vera mogleg å halda avstand. Beskytta personar er dei som har fått ei vaksinedose for meir enn tre veker sidan, dei som er fullvaksinerte og dei som har hatt COVID-19 i løpet av dei siste seks månadane.

Personar som er beskytta kan i private samanhangar, slik som heime, ha nær sosial kontakt (under ein meter), med andre beskytta og ubeskytta som ikkje er i risikogrupper. 

Born i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort / klasse / avdeling, sjølv om det overstig det tilrådde talet på gjestar.

Handelsnæringar

Næringar må blant anna tilretteleggja for minst ein meters avstand, og ha rutiner for god hygiene.

Restaurantar, kafear, barar

Innsleppsstopp kl. 24.00. Krav om registrering, bordservering av alkohol, redusert tal på gjestar, sitjeplassar til alle gjestar og avstand.

Reiser

UD rår framleis frå alle reiser som ikkje er strengt naudsynte for land utanfor EØS/Schengen og Storbritannia, samt nokre utvalde tredjeland (lilla land). Innanlandsreiser kan gjennomførast. Dei som ikkje er beskytta bør vera ekstra varsame, og planlegga reisa slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Dette er særs viktig for personar som reiser frå område med høgt smittepress. 

Personar som ikkje er beskytta og som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følgja tilrådingane som gjeld i kommunen der dei har opphalde seg i tida før reisa.

Skular og barnehagar

Barnehagane og skulane følgjer trafikklysmodellen om grønt, gult eller raudt tiltaksnivå etter lokale vurderingar av den enkelte kommune. Kvam herad ligg på grønt nivå. 

Høgare utdanning

Det vert gjeve fysisk undervsining frå semesterstart i haust. Kven som er tilstades og seteplasseringa deira bør registrerast for å letta eventuell smittesporing.

Arbeidsliv

Generelle smitteverntiltak. Delvis heimekontor og / eller fleksibel arbeidstid. Arbeidsgjevar vurderer i større grad om heimekontor er naudsynt i ljos av lokal smitterisiko. Det må vera mogleg å halda ein meters avstand for alle. Dei som er beskytta treng ikkje å halda avstand til andre på arbeidsplassen, men bør ta særleg omsyn til ubeskytta i risikogrupper.  

Arrangement

Det vert oppfordra til å halda arrangement utandørs heller enn innandørs. Personar som ikkje er beskytta, og som kjem frå område med høgt smittetrykk bør ikkje oppsøka arrangement i andre kommunar. 

Private arrangement: Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde / lånte lokale, inne og ute.

Offentlege arrangement: Maks tal på personar er avhengig av:

  • om det vert nytta koronasertifikat / testing
  • om det er faste tilviste plassar
  • om det er ute eller inne

Utan bruk av koronasertifikat:

 

Innandørs

Utandørs

Med faste,
tilviste plassar

Maks 1000 personar. Inntil 500 per kohort.

Maks 2000 personar. Inntil 500 per kohort.

Utan faste, tilviste plassar

Maks 400 personar. Inntil 200 per kohort.

Maks 800 personar. Inntil 200 per kohort.

Med bruk av koronasertifikat:

 

Innandørs

Utandørs

Med faste,
tilviste plassar

Maks 5000 personar (opp frå 3000 personar). Inntil 500 per kohort, og maks 50 % kapasitet.

Maks 10000 personar (opp frå 7000 personar). Inntil 500 per kohort, og maks 50 % kapasitet.

Utan faste,
tilviste plassar

Maks 1500 personar. Inntil 500 per kohort, og maks 50 % kapasitet.

Maks 3000 personar. Inntil 500 per kohort, og maks 50 % kapasitet.

Idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar

Det vert oppmoda til aktivitetar utandørs heller enn innandørs. Unntak frå tilrådinga om ein meters avstand både utandørs og innandørs der det er naudsynt for å utøva aktiviteten. For vaksne er tilrådd gruppestorleik inntil 30 personar innandørs og inntil 40 personar utandørs.

Utøvarar kan delta på idrettsarrangement eller konkurranse på tvers av regionar/krinsar (nasjonalt), både utandørs og innandørs, uten krav om å halda 1 meters avstand.

Dansarar, musikarar og scenekunstnarar som ikkje er profesjonelle kunstnarar får unntak frå 1-metersregelen på både utandørs og innandørs kulturarrangement, også når dei ikkje elles trener eller øver saman.

Toppidrett

Toppidrett kan utøvast som normalt. Det tyder at seriespel kan gjennomførast utandørs og innandørs.