Fv 49 Fosse stengt i periodar

Fv 49 på strekninga mellom Norheimsund og Mundheim vil verta stengt ved Fossetunnelen i periodar på inntil tre timar grunna vegarbeid, frå 23. april til 7. juni.
Klikk for stort bilete Kartdata © OpenStreetMap-bidragsytarane, under CC BY-SA 2.0-lisens

Dette gjeld for måndagar til torsdagar, mellom 07:00 og 17:30. Det vil vera lokal omkøyring for køyretøy under 7,5 tonn. Utrykningskøyretøy kan passera. 

Det vil vera trafikkvakter ved stoppunkta, som vil gje informasjon til køyrande. Bussar i retning Norheimsund vil køyra på omkøyringsveg, medan bussar i retning Mundheim vil verta sluppe gjennom tunnelen, då kan også eventuelle større køyretøy sleppa gjennom. Opningstidene vert: 07:45, 10:25, 13:00, 13:05, 13:55, 15:35 og 16:45.