Kvam er ein av 12 kommunar som er med på eit pilotprosjekt med fritidskort, med tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det inneber at alle barn som er folkeregistrert i Kvam, frå dei fyller seks til det året dei fyller 18, får 900 kroner i halvåret til bruk på faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Fritidskortet finn du på Friskus
Prosjektansvarleg i Kvam herad, Kristin Lundblad, fortel at fritidskortet er digitalt og at det kan hentast på nettstaden
kvam.friskus.com.
– Foreldre eller føresette kan oppretta ein profil på Friskus, og deretter henta ut kortet til borna. Når fakturaen frå lag og organisasjonar kjem, kan ein betala denne gjennom Friskus. For å kunna gjera det treng ein Bank-ID og bornet sitt personnummer. Unge over 13 som har Bank-ID har også moglegheita til å gjera dette sjølv.
Ho legg til at ordninga sjølvsagt også gjeld for born til foreldre som ikkje har Bank-ID. – Då kan dei ta kontakt med meg, og eg vil hjelpa dei med å få henta ut fritidskortet for sine born. Det same gjeld dei som allereie har betalt kontingent for hausten, og som difor ynskjer refusjon.
– Eit tilbod til alle
Fritidskortet er for alle i den aktuelle aldersgruppa, og målet med ordninga er å få endå fleire born og unge til å delta i fritidsaktivitetar. Det er også eit viktig middel for å førebyggja utanforskap.
– Målet vårt er at alle born og unge i Kvam skal få kjenna at dei har ein stad å høyra til der dei kan oppleva meistring, seier Lundblad. – På
kvam.friskus.com har mange lag og organisasjonar lagt ut kva type fritidstilbod dei tilbyr. Når alle desse vert presentert på ei slik felles platform er det lett å sjå at me har mange kjekke tilbod i Kvam, og mykje ulikt å velja blant.
Lundblad vonar også at det vil koma nye fritidstilbod til. – Me veit at nokre born og unge saknar tilbod som svarer til deira interesser, og me kjem til å arbeida med å få på plass fleire. Om born og unge saknar eit tilbod som høver for dei, er det veldig kjekt å få høyra frå dei. Me i prosjektet kan ikkje starta opp nye aktivitetar sjølve, men me vil gjerne koma i snakk med lag, organisasjonar og enkeltpersonar for å sjå på moglegheitene til å få i gang nye aktivitetar det er ynskje om.
Lundblad oppfordrar også andre som har spørsmål eller lurer på noko til å ta kontakt. – Me som jobbar med dette prosjektet, ser fram til å bruka det neste året til å bidra til at born og unge i kommunen vår har noko å sjå fram til på fritida.