Framlegg til ny kommuneplan på høyring

Kvam herad har vedteke å leggja kommuneplanen sin arealdel ut til høyring og offentleg ettersyn. Det skjer i perioden 08. mai - 30. juni 2018. 

Kart 3 - Klikk for stort bilete

Den nye arealplanen skal erstatta kommuneplanen sin arealdel frå 2006 og kommundelplan for Norheimsund frå 2003. Kommunedelplan for Kvamskogen inngår ikkje i den nye planen.

Planframlegget vert presentert i medhald av Kvam formannskap sitt vedtak 029/18, 25.04.18.

Kommuneplanen er ein overordna og strategisk plan for utvikling av Kvam herad. Arealdelen er plankartet som syner korleis areala på sjø og land skal forvaltast på ein berekraftig måte. Saman med plankartet er det juridiske føresegner som utdjuper og supplerer kartet, og planomtale som forklarer og grunngjev plangrepa. Det er laga konsekvensutgreiingar og ROS-analysar som set søkeljos på kva konsekvensar og farar planframlegget får for liv og helse, miljø, samfunn, folkehelse og økonomiske verdiar med meir.

Visjonen til Kvam herad er å "Skapa ei oppsiktsvekkjande framtid - Create a remarkable future."

Hovudmålet er å "Vidareutvikla eit pulserande og sjølvstendig regionsenter som knyter saman Hardanger og Bergensregionen."
 

Kommuneplan arealdel

Kontaktinfo

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider: mån-fre kl 0900-1500