Framlegg til mindre endring av reguleringsplan Sandvenhagen - Mo

Klikk for stort bilete Kvam herad søkjer om mindre endring av reguleringsplan for Næringsområde Sandvenhagen – Mo, planID 20070010, vedteken 04.09.2007, og mindre endring 24.09.08

  • Tiltakshavar: Kvam herad
  • Planleggjar: ABO Plan & arkitektur
  • Flomsonekartlegging: Cowi 

Omsøkte endring omfattar eit delområde av plankartet og tilhøyrande føresegner.

Hovudføremålet med reguleringsendringa er å endra eksisterande utbyggingsføremål frå forretning/industri til anna privat og offentleg tenesteyting med mål om å kunna etablera brannstasjon der.

Via Kvam herad si kartløysing kan du få fram planområdet ved å søkja på Planid 20070010

Kommunen finn at endringa planmessig sett gjeld mindre justeringar av gjeldande reguleringsplan og at endringa med det kan handsamast som ei mindre endring jf. pbl. § 12 – 14. Endringa går ikkje utover hovudtrekka i gjeldande plan frå 2007. Revidert plan sikrar tilstrekkeleg areal for framtidig bygging av ny tunell/fylkesveg.

Naboar og råka myndigheiter vart den 15.02.21 tilsendt varsling om reguleringsendringa, jf. sakshandsamingsreglar knytt til Plan- og bygningslova § 12-14. Høyringa er sett til 4 veker. Etter høyringa er det planlagd å leggja saka fram for Kvam MPB-utval til endeleg avgjerd.

Merknad og innspel til planframlegget må leverast skriftleg til Kvam herad innan 15. mars -21.

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planframlegget kan ta kontakt med:

  • Leiv Ingmar Kaale,  tlf: 56553088   e-post:  leikaa@kvam.kommune.no
  • Fellessekreteriatet,  tlf:  56553000   e-post:  postmottak@kvam.kommune.no
Leiv Ingmar Kaale
Rådgjevar
E-post
Telefon 56 55 31 88
Mobil 911 52 640