Framlegg til mindre endring av reguleringsplan på Sandven

Klikk for stort bilete Kvam herad søkjer om mindre endring av reguleringsplan for gnr. 11 bnr. 10 og 84 Sandven, Norheimsund vedteken 26.11.2009, (planID 123820090016).

  • Tiltakshavar og planleggjar: Kvam herad
  • Konsluent for vegprosjektering: Cowi as

Føremålet med reguleringsendringa er å justere vegbreidd, fortausbreidd, plassering av fortau og justere krysset for den offentlege vegen. Det er også gjort endringar på tilkomst til ein eigedom. 

Via Kvam herad si kartløysing kan du få fram planområdet ved å søkja på Planid 200900016a

Kommunen finn at endringa planmessig gjeld mindre justeringar av gjeldande plan og at endringa med det kan handsamast som ei mindre endring jf. pbl. § 12 – 14. Endringa går ikkje utover hovudtrekka i gjeldande plan frå 2009. Endringa vil i liten grad påvirke gjennomføringa av reguleringsplanen. Revidert plan sikrar nok areal til veg, fortau, avkøyrslar og anna vegareal. Det føreligg ingen registrerte natur- og friluftsområde som vert råka av endringa. Det er ikkje registrerte område for biologisk mangfald eller verneområde innafor planområde. Lokalt kulturminne vert ivareteke gjennom planendringa.

Naboar og råka myndigheiter er den 18.02.21 tilsendt varsling om reguleringsendringa, jf. sakshandsamingsreglar knytt til Plan- og bygningslova § 12-14. Høyringa er sett til 3 veker. Etter høyringa er det planlagd å leggja saka fram for Kvam MPB-utval til endeleg avgjerd.

Merknad og innspel til planframlegget må leverast skriftleg til Kvam herad innan 12. mars -21.

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om planframlegget kan ta kontakt med:

  • Heidi E. Ørjansen på tlf: 90541203 el. e-post:  heiorj@kvam.kommune.no. 
  • Fellessekreteriatet,  tlf:  56553000   e-post:  postmottak@kvam.kommune.no
Heidi E. Ørjansen
Einingsleiar plan og byggesak
E-post
Telefon 905 41 203
Mobil 905 41 203