Forslag til adressenamn på Kvamskogen

Klikk for stort bileteKvam herad skal oppretta fleire nye adresseområde på Kvamskogen. Desse adresseområda skal namnsetjast. Namneforslaga som føreligg vert no kunngjort. Har du innspel om annan skrivemåte el andre namneforslag? Send ditt innspel innan 12.06.22

 

Forslag til adressenamn framgår her i kart som syner adresseområda si avgrensing, utarbeidd av Kvam herad v/rådmannen. Namneforslaga er meint å vera dekkande for kvart adresseområde sitt geografiske område.

I arbeidet med adressenamn har Kvam herad hatt kontakt med folk som er lokalkjente i områda. Namneforslaga vert sendt på høyring til Språkrådet - statens forvaltningsorgan for språk.

 

Forslag til adressenamn med grunngjeving:

  • Tryglakleiv – Reguleringsplanen for eit nytt hytteområde på Kvamskogen har fått namnet Tryglakleiv, dette er no eit innarbeidd namn og det naturlege namnet på den nye vegen opp i hyttefeltet. Namnet er henta frå kommunen sin lokale stadnamnsbase. Namnet finn du både som Tryglakleivskorane, Tryglakleivtjønane og Tryglakleiv.
  • Skeisskorane – kommunen har nyleg vedteken ein større reguleringsplan på Kvamskogen. Som ein avstikkar til Tryglakleiv, så får me ein ny veg som går bort til eit område som lokalt er kjend som Skeisskorane. Vårt forslag er derfor at denne nye vegen får dette namnet.
  • Steinbuvegen – I starten av ein ny lengre veg opp til eit etablert hyttefelt som ikkje har hatt vegtilkomst før. I starten av denne vegen ligg dei ei hytte som er omtalt som Steinbu og det vert referte til denne for å plassere kor du er på Kvamskogen. Dette er eit innarbeidd. Dette namnet vert nytta for den store fellesparkeringsplassen i same område. Etter eit møte med hovedgrunneigar for dette området har me kome fram til at det beste forslaget for den nye vegen er Steinbuvegen. 
  • Vassværena - kommunen har nyleg vedteken ein større reguleringsplan på Kvamskogen. Denne planen vart delt inn i 4 sonar, Skårane, Dalen, Leite og Vassværena. Området som den eksisterande vegen går i heiter Vassværena og er eit innarbeidd namn som kommunen meiner er naturleg å nytte som vegnamn.
  • Leite – Dette er eit større område som strekker seg over begge sider av fylkesvegen. Sjølv om området går på begge sider av fylkesvegen så er den eksisterande vegen på sørsida allereie omtalt som Leite av dei som har hytte i området. Kommunen ønskjer å kalla denne vegen for Leite.
  • Jonshøgdi – Det er eit lite område med få bygg, men mange bueiningar, me ønskjer å kalla denne vegen for Jonshøgdi. Dette er eit kjend stadnamn for denne plassen og det mest naturlege å nytta.
 
  • Kvinnhovdebrotet – er ei li med to mindre stikkvegar ned mot fylkesvegen. Dette er eit namn som hovudgrunneigar har funne i gamle dokument frå området.

 

Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon om namnesaka kan ta kontakt med:

  • Heidi Ørjansen,  tlf: 90541203   e-post:  heiorj@kvam.kommune.no

 

 

Heidi E. Ørjansen
Einingsleiar plan og byggesak
E-post
Telefon 905 41 203