Forslag til adressenamn i HamlagrøKvam herad skal oppretta fleire nye adresseområde i Hamlagrø. Desse adresseområda skal namnsetjast. Namneforslaga som føreligg vert no kunngjort. Har du innspel om annan skrivemåte el andre namneforslag? Send ditt innspel innan 12.06.22 Forslag til adressenamn framgår her i kart som syner adresseområda si avgrensing, utarbeidd av Kvam herad v/rådmannen. Namneforslaga er meint å vera dekkande for kvart adresseområde sitt geografiske område. I arbeidet med adressenamn har Kvam herad hatt kontakt med folk som er lokalkjente i områda. Namneforslaga vert sendt på høyring til Språkrådet - statens forvaltningsorgan for språk. Osen Lii Klubben Kart over 3 adresseområde - Osen, Lii, Klubben (PDF, 2 MB) Søre Hamlagrø Kyrkjevika (alternativt Kyrkjeviki) Blåkoll Kart over 3 adresseområde - Søre Hamlagrø, Kyrkjevika, Blåkoll (PDF, 669 kB) Grunngjeving av forslag til adressenamn: Osen, Lii, Klubben, Søre Hamlagrø, Kyrkjevika og Blåkoll er stølar el. ligg i stølsområde. I fleire bøker som handlar om stølar i Kvam, så er desse namna omtala. Kvam herad ynskjer difor å vidareføra namna inn i adresseringsområda. Kyrkjevika/Kyrkjeviki er eit eldre hyttefelt bygd ut etter ein reguleringsplan frå 1986. Munntleg uttale er «Kyrkjevikje». Namnet er innarbeidd og Kvam herad ynskjer å nytta dette for hytteområdet. Namnet kan ha både a- og i-ending. I språkprofilen til Kvam herad vert det brukt a-ending. Det er såleis valgt Kyrkjevika. Du som har spørsmål el. ynskjer meir informasjon kan ta kontakt med: Heidi Ørjansen, tlf: 90541203 e-post: heiorj@kvam.kommune.no Publisert13.05.2022 10:34