Formannskapet vil ikkje ha grensejustering

Formannskapet i Kvam slutta seg samrøystes til rådmannen sitt framlegg, og ynskjer ikkje ei grensejustering der Ålvik vert ein del av nye Voss herad. 

Dersom fylkesmannen likevel vil utgreia saka vidare, meiner formannskapet at det må gjennomførast innbyggjarundersøkingar som kartlegg oppslutnaden om grensejusteringar i ulike delar av Ålvik. Dette fordi det også har kome tilsvar frå innbyggjarar i Ytre Ålvik om at dei ikkje ynskjer å vera omfatta av ei slik justering. 

I tillegg må det koma fram kvar ei eventuell ny grense skal trekkjast, og kva det vil tyda for innbyggjarane både i Ålvik og i resten av Kvam herad. 

Rådmannen kritisk til prosessen

I saksutgreiinga ytra rådmannen seg kritisk til måten prosessen så langt er gjennomført. Det vert blant anna peikt på det ikkje er gjort noko nyansert vurdering av konsekvensane, og på at det er vanskeleg å seia noko om kva oppslutning søknaden om grensejustering faktisk har i Ålvik. 

Fellesnemnda i nye Voss herad har i si uttale til saka også peikt på at det må koma ei betre avklaring av kor mange i området som faktisk ynskjer seg ei grensejustering.

Formannskapsvedtaket i Kvam seier også at Kvam herad, ved ei eventuell grensejustering, forventer å venta kompensert for overdraging av kommunale eigedomar og tenestetilbod. 

Vil bli betre på informasjon

I saksutgreiinga understrekar rådmannen at ein heller ikkje er samd i påstanden om at Kvam herad har gjeve Ålvik lite merksemd og engasjement. Fleire av politikarane i formannskapet understreka også at dei ikkje kjenner seg att i ei slik skildring, men både ordførar Jostein Ljones og andre peikte samstundes på at heradet må verta betre på å få ut informasjon. 

Uttalen frå Kvam herad skal også handsamast i heradsstyret, medan det er Fylkesmannen i Hordaland som avgjer korleis sjølve søknaden om grensejustering skal handsamast vidare.