Formannskapet vil ikkje endra bompengesatsane

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete Rådmannen hadde rådd til at kommunen skulle gå inn for systemet Statens Vegvesen føresler, med mindre maksimalrabatt og eit såkalla passeringstak på 25. 

Eit samla formannskap gjekk onsdag i staden inn for eit alternativ framlegg, sett fram av Bjørgulv Hauger (Frp). Formannsskapet meiner ein skal halda på dagens takst- og rabattsystem i Kvammapakken, med unnatak for at også nullutsleppskøyretøy (som elbilar) skal betala halv takst. 

Formannskapet meiner at ei eventuell auke i inntektene skal nyttast til generell reduksjon av takstane.

Formannskapet bad også rådmannen om ei nærare utgreiing av kva konsekvensar det vil få å behalda dagens takst- og rabattsystem.