Formannskapet drøfta budsjett

Formannskapet drøftar budsjettet - Klikk for stort bilete Formannskapet i Kvam herad har i dag drøfta budsjett for 2019, og økonomiplan for dei neste åra. Etter eit gruppemøte sette Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Arbeidarpartiet fram eit fellesframlegg, som vart vedteke som tilråding til heradsstyret. 

Fleire tillegg til rådmannen sitt budsjettframlegg kom med i tilrådinga frå formannskapet. Dei viktigaste endringane er desse:

  • Formannskapet ynskjer å framskunda oppstart for områdeplanen for Øystese sentrum til 2019, og om at planen skal ha særleg fokus på trafikktryggleik for mjuke trafikantar i området frå Øystese skule, Busdalen, Kvam ungdomsskule, idrettshallen og Holmatun. For å finansiera dette vil dei nytta 500.000 kroner frå kraftfondet.
  • Formannskapet vi løyva tre millionar kroner frå Mastefondet til «Tett på»-prosjektet til Hardanger fartøyvernsenter. Løyvinga føreset at prosjektet vert gjennomført og er meint å leggja grunnlag for og utløysa yttarlegare finansiering frå andre.
  • Parkering ved Holmsund skal opparbeidast og ferdigstillast til sommarferien 2019. I budsjettet vil formannskapet skal det setjast av 300.000 kroner til dette, finansiert med bruk av bustadfeltfondet.
  • Det skal setjast av 50.000 kroner til mobilhotell til Kvam ungdomsskule og Strandebarm ungdomsskule, med finansiering frå Havbruksfondet
  • Formannskapet vil nytta inntil 150 - 200.000 til strandrydding, gjennom samarbeid med lokale lag og organisasjonar. Dette skal også finansierast med pengar frå Havbruksfondet
  • Formannskapet vil også bruka pengar frå dette fondet til å ta igjen etterslep på vedlikehald av kommunale vegar og kommunale bygg, og vil her løyva inntil seks millionar kroner.

Formannskapet rår dessutan heradsstyret til å be om ei eiga sak om mogleg vidare drift av symjebassenget i Ålvik. Drift av bassenget ligg allereie inne i budsjettet for 2019.

Innstillingane i budsjettsaka og i saka om prisar og gebyr i 2019 er lagt ut til offentleg ettersyn

Oppdatering 5.12.2018, kl. 16.06: Ein feil i punkt 4 er retta. Dette skal finansierast av bustadfeltfondet, ikkje Havbruksfondet.