Formannskapet diskuterer budsjett og skulestruktur

I morgon, onsdag 25. november, er det møte i formannskapet i Kvam herad. Blant sakene som skal handsamast er kommunen sin budsjett for 2021, og rådmannen sitt framlegg om å leggja ned Tørvikbygd skule.

Denne artikkelen er frå før budsjettet vart vedteke. Leitar du etter det vedtekne budsjettet? Det kan du finna på Framsikt

Møtet går av stabelen i heradsstyresalen, frå klokka 10 og utover, men alt frå kl. 9 av er det eigarmøte i Kvam Energi. Det vil også vera mogleg å følgja formannskapsmøte på kommune-TV, der det dessutan vert lagt ut opptak i etterkant. 

Før sakshandsaminga kjem i gang, vil det verta gjeve orienteringar om Tørvikbygd skule og om ny brannstasjon. 

Den mest omfattande saka på sakslista er nok budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021 til 2024. Du kan lesa meir om rådmannen sitt utkast til budsjett i ein eigen artikkel.

Den største enkeltinnsparinga rådmannen har føreslege er å leggja ned Tørvikbygd skule frå hausten 2022 av. Knytt til dette framlegget vert det no lagt fram ei eiga vurdering til handsaming i formannskapet og heradsstyret. Det har også kome ei rekkje innspel, mellom anna frå Kvinne- og familielaget i Tørvikbygd, frå Tørvikbygd idrettslag og frå elevrådet på Tørvikbygd skule. For ei oversikt, sjå Kvam herad sin innsynsportal

Av andre saker formannskapet skal ta stilling er:

Sakspapira til møtet er tilgjengelege via Kvam herad sin innsynsportal