Føreslå kandidatar til byggeskikkprisen 2019

Klikk for stort bileteVeit du om eit prosjekt som fortener byggeskikkpris i Kvam? Me vert glade om du kjem med framlegg til oss, innan 1. mars.

 

Som ei oppfylging av Kvam herad sin kulturminneplan, vedtok heradsstyret i mai 2019 at det skulle opprettast byggeskikkpris i kommunen. 

Prisen skal vera ein heiderspris for byggverk og bygde omgjevnader som igjennom arkitektuttrykk, utføring, materialbruk, gjennomføring av utanomhusareal og utvikling av bidreg til å heva, fornya og utvikla den ålmenne byggeskikken på staden, og gjer Kvam til ei god kommune å bu og virka i. 

Prisen vert gjeven til bygg og uteanlegg i kommunen, som gjennom si utforming til staden og omgjevnadane, avspeglar respekt for verdiar i landskap, stadeigne byggetradisjonar, einskildvis, i grupperingar eller i tilpassing til eksisterande busetnad, og som evnar å stå fram som førebilete for framtida.  Miljøomsyn og universell utforming og kvalitet i materialbruk skal vektleggjast.

Alle kan innstilla kandidatar til prisen. Innstilte prosjekt må liggja innafor Kvam herad sine grenser, og må vera ferdigstilte innan dei fem siste åra. Fristen for å senda inn framlegg er 1. mars 2020. Framlegg skal sendast til postmottak@kvam.kommune.no

Prisen er ein plakett med innskrift som skal setjast på bygget eller i anlegget og diplom til prisvinnaren/prisvinnarane. Han vil verta utdelt i heradsstyret 24. mars.

Spørsmål om prisen kan rettast til Heidi Ørjansen, Niklas Sebastian Alveberg, Bjørn Vik eller Jon Nedkvitne.

Sjå også: