Foreldrekurs i Kvam

Klikk for stort bileteKvam herad har framleis ledige plassar på foreldrekurset "Ver med meg", og utsett oppstart av dette kurset med ei veke, slik at det starta opp 27. oktober, kl. 17 - 19 (om det vert nok deltakarar). Ny frist for påmelding: 21. oktober.
 

Kursa som no vanlegvis går er: 

Tryggleikssirkelen (COS-P):

Dette foreldrerettleiingskurset skal gje de foreldre verktøy til å forstå betre kva behov born har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og borna dine. 

Kurset er basert på eit utarbeida videomateriale og drøftingar rundt dette. 

Gruppe for førstegongsfødande: 
Kurset går over 8 gonger, dagtid, 1.5 timar kvar gong. 
Kursleiarar: Helsestasjonen.
Kursdato er per dags dato ikkje satt.

COS-P kurs dagtid: 8 gonger, 2 timar kvar gong.
For foreldre med born i alderen 0 til 12.
Kursleiarar: Familiesenteret.
Kursoppstart: tysdag 19. oktober, kl. 9 - 11.

«Ver med meg» - kveldskurs

Foreldrerettleiingskurs med fokus på tilknyting, samspel og emosjonsfokusert tilnærming. Også med bruk av tryggheitssirkelen (COS-P), men med preg av førelesning, videoklipp og refleksjon rundt det som vert formidla.

Kurset går over 5 kveldar, på 2 timar pr.gong. 
For foreldre med born i alderen 0 - 18.
Kursleiarar: Familiesenteret. 
Kursoppstart: onsdag. 27. oktober 2021, kl. 17 - 19

Emosjonsfokusert foreldrekurs – 2 dagerskurs

Foreldrerettleiingskurs til foreldre med born som har lettare enn andre å komme inn i fastlåste kjensler, som dei treng hjelp til å kome ut av.  

Har du eit barn med emosjonelle vanskar, og du treng rettleiing på korleis du betre kan møte barnet ditt og deira behov? 

Emosjonsfokusert tilnærming er forankra i ei tru på at foreldre og omsorgspersonar kan vere den viktigaste krafta for born med psykiske og åtferdsmessige utfordringar. 

Kurset vert gjennomført over 2 heile samanhengande dagar. 
Kurset er for foreldre med born i alderen 4 - 18 år.
Kursleiarar: Familiesenteret og PPT. 
Kursdatoar: 11. og 12. november, kl. 9 - 15.

Dersom nokon skulle ha behov for foreldrekurs, ta kontakt med helsestasjon, familiesenteret, PPT, barneverntenesta eller lege. Påmeldinga for kveldskurset "Ver med meg" er utvida til 21. oktober. Er det behov for plass på andre kurs, ta kontakt for informasjon.  

Ved spørsmål ta gjerne direkte kontakt med Familiesenteret ved familieterapeut Tone Flotve på tlf. 909 33 517 eller med kommunepsykolog for born og unge, Anna Mo-Bjørkelund på tlf. 908 62 106. Du kan også ringja via Kvam herad sitt sentralbord, på tlf. 56 55 30 00.