Folkehelseinstituttet gjennomfører stor drikkevasstudie

Kor ofte fører bakteriar, virus og parasittar i drikkevatnet til magesjuke? Folkehelseinstituttet inviterer no 56 000 personar over heile landet til å delta i ei ny undersøking. Blant dei er også kvemmingar.

kaboompics / Pixabay

I Noreg har vi svært godt og trygt drikkevatn. Likevel får enkelte magesjuke av drikkevatnet – med forbigåande symptom som diaré, kvalme og oppkast. Sidan dei færraste går til lege for dette, veit vi ikkje kor mange som vert sjuke av drikkevatnet. For første gong skal Folkehelseinstituttet kartleggje omfanget.

Berre for husstandar som får vatn frå vassverk

Prosjektet skal gjennomførast i perioden frå 2018 til 2020. På vegne av Folkehelseinstituttet vil Norsk Gallup i mars ringe opp enkeltpersonar og spørje om dei vil delta i undersøkinga. Berre personar som får vatn frå eit vassverk som forsyner minst 20 husstandar med vatn, vil bli kontakta. Husstandar som får vatn frå mindre vassverk eller frå eigen brønn, er ikkje med i studien.

– Me treng kunnskap om kor mange som vert sjuke av drikkevatnet, derfor oppfordrar vi alle inviterte til å delta. Kunnskapen er viktig for å sikre eit godt og trygt drikkevatn i framtida, seier forskar og prosjektleiar Camilla Svendsen i Folkehelseinstituttet.

Sjukdomsutbrot kvart år

Bakteriar, virus eller parasittar i drikkevatnet fører kvart år til sjukdomsutbrot, der fleire personar er ramma, og til sjukdom hos enkeltpersonar. Årsaka kan til dømes vere svikt i vassbehandlinga hos vassverket eller at vatnet blir forureina på vegen frå vassverket til vasskrana heime hos folk. Store delar av leidningsnettet i Noreg er i dårleg forfatning, noko som aukar risikoen for at drikkevatnet vert forureina med sjukdomsframkallande mikrobar.

– Smitte i drikkevatnet gir oftast ufarleg og forbigåande magesjuke, og dei færraste kontaktar lege. Hittil har det difor ikkje vore mogleg å fastslå kor mange som vert sjuke av drikkevatnet i Noreg, seier Svendsen.

Drikkevasstudien er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet og godkjent av regionale komitear for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk.

Meir informasjon om drikkevasstudien finn du på nettsidene til Folkehelseinstituttet.