Følg heradsstyret på kommune-TV

Klikk for stort bilete I dag, tysdag 11. juni, er det heradsstyremøte. Du kan følgja møtet direkte på kommune-TV og lesa sakspapira i heradet sin møteportal. 

Sakslista i dette siste møtet før sumaren inneheldt ei lang rekkje saker. Blant det heradsstyret skal diskutera er:

  • Klager på heradsstyret sitt tidlegare vedtak om godkjent reguleringsplan i Longelia
  • Kontrakt om leige og vask av arbeids- og institusjonstøy, der formannskapet rår til at ein skal forhandla og inngå kontrakt med Hardanger AKS om dette, innanfor regelverket om utvida eigenregi.
  • Godkjenning av intensjonsavtalen mellom Kvam herad og Hordaland fylkeskommune om det vidare samarbeidet om Kvam vidaregåande skule, med føremål å avklara tomt og reguleringstilhøve for felles bygg, uteområde og tilkomst for den vidaregåande skulen i Kvam og kommunale tenester / funksjonar for Kvam herad.
  • Ulike modellar for eventuell drift av symjebassenget i Ålvik. Formannskapet har her gått inn for å halda fram drifta, og ynskjer eit samarbeid med Ålvik idrettslag. 
  • Prosjektplan og rehabilitering av Øystese skule