– Fleire bør ta yrkesfag

1. mars er det søknadfrist til vidaregåande skule. – Eg håper det kjem fleire lærlingar, og at fleire tek fagutdanning, seier Ida Kleiven, som sjølv er lærling i Kvam herad.

Ida Kleiven er lærling i Kvam herad. Ho voner fleire vil velja yrkesfag. Øyvind Strømmen

Kvam herad er heimkommune til to vidaregåande skular, ein privat – Framnes kristne vidaregåande skule, og ein fylkeskommunal, Kvam vidaregåande skule. Sistnemnde vart til i januar 2017, då Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule slo seg saman til ein organisasjon.

Kvam vidaregåande skule tilbyr både studiespesialisering, det som tidlegare vart kalla allmennfag, og yrkesfaglege utdanningar. Der kan ein ta utdanning innan elektrofag, innan helse- og oppvekstfag og innan teknikk og industriell produksjon (ofte kalla TIP). Tek ein yrkesfag går ein vanlegvis to år på skule og sidan to år i lære, men det finst også andre moglegheiter.

Kvam herad er sjølv blant verksemdene som tek imot lærlingar. I løpet av 2018 hadde heradet 18 lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, 23 helsefaglærlingar og ein lærling på byggdrift.

Høve til å koma i gang med draumejobben

Ei av dei er Ida Kleiven frå Norheimsund, som tek utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. I løpet av læretida har ho arbeidd i barnehage, no er ho ved Norheimsund skule.

Ho er treårslærling. Der det vanlegaste er å ha to år på skulen og to år i lære, har ho tre års lære i bedrift, men med ein dag i veka på skulen. Det synest ho er ein god ordning. – Dermed måtte eg ikkje flytta vekk for å ta vidare utdanning. Istadenfor har eg fått høve til å få ei inntekt, og til å koma i gang med draumejobben.

Yrkesfag bør framsnakkast

Ida fortel at ho synest at det er både spanande og lærerikt å vera lærling. Ho var også godt nøgd med Vg1 i helse- og oppvekstfag på Kvam vidaregåande skule. – Det var nyttig å læra teori, og interessant å koma ut i praksis i løpet av det fyrste året. Då ser ein også at teorien ikkje er bortkasta, ein får bruk for alle faga.

Synest du fleire burde ta yrkesfag?

– Ja, heilt klårt! Eg håper det kjem fleire lærlingar, og at fleire tek fagutdanning. Eg meiner yrkesfag bør framsnakkast. Det er eit kort utdanningsløp med løn under utdanning. Moglegheitene til etterutdanning er også gode.

– For min del har yrkesfagleg utdanning og det å vera lærling vore ei moglegheit til å gjera det eg ynskjer: å jobba med barn og unge. Eg fekk raskt lærlingplass, har vorte teke godt imot, og synest det er kjekt å få oppleva teorien i praksis.

Søknadsfrist 1. mars

Søknadsfristen til vidaregåande skule er 1. mars. Du finn meir informasjon på nettsidene til Hordaland fylkeskommune og på vigo.no.