Filming av kommunale vegar

Frå fredag 7. mai av vert det gjennomført filming av dei kommunale vegane i Kvam. Om du støyter denne bilen er det altså forklaringa.

Foto: Triona 

Denne filminga vert gjort av fleire årsaker, mellom anna for å kartleggja tilstanden på dekke, autovern, murar og så vidare. Det er også nyttig å ha film som kan visa korleis situasjonen var før til dømes ei eventuell utbygging, og for å kunna sjå korleis avkøyrsler, stolpar, lys m.m. er plassert langs kommunal veg.