Ferjesambandet Jondal-Tørvikbygd stengd frå 9. til og med 14. mars

Klikk for stort bileteTidene forandrar seg. Her er ferja MF Rosendal ved Tørvikbygd i 1977. No skal ferjesambandet opprustast og gjerast elektrisk. Harald Sætre, CC BY SA 4.0-lisens. Ferjesambandet Jondal – Tørvikbygd vil vera stengd i to periodar i vår, melder Skyss.

 

Bakgrunnen for stenginga er at det frå 1. januar 2020 vart sett inn ei større ferje i sambandet. Ferjeleiene er ikkje tilpassa ei så stor ferje, og det er difor behov for utskifting av ferjelemmen både i Jondal og i Tørvikbygd. Det vil òg bli utført anna arbeid knytt til ferjeleiene. Når arbeidet er ferdig i juni vil ferja bli køyrt med elektrisk drift.

Stengingsperiodar

Den fyrste stengingsperioda er frå måndag 9 mars til og med laurdag 14. mars. Den andre steningsperioda vert i slutten av mai, men endeleg dato er ikkje satt.

Alternativ til ferje

  • For reisande med bil er alternativa ferjesambanda Gjermundshamn - Årsnes, og Kvanndal - Utne.
  • For reisande som vil nytta buss og båt vil det verta sett inn ein båt mellom Jondal og Tørvikbygd, med åtte tur/retur-reiser på kvardagar, og fire tur/retur-reiser på laurdagar og sundagar. Båten vil korrespondera med buss Tørvikbygd - Norheimsund. Rutetabell for båten og for den korresponderande bussen vil verta gjort tilgjengeleg på Skyss sine nettsider.
  • Busslina 930, som vanlegviser gjennomgåande med ferja Jondal - Tørvikbygd vil i stengingsperioden måtta køyre via Gjermundshamn - Årsnes, og vil difor gå langs traséen Bergen - Tysse - Eikelandsosen - Mundheim - Gjermundshamn. Reisande som skal på eller av på strekninga Bjørkheim - Jondal må byta til korresponderande buss på Bjørkheim. Rutetabellar vert lagt ut på Skyss sine nettsider.
  • Eit avgrensa tal på parkeringsplassar for privatbilar vil vera tilgjengelege ved / på kaiene i Jondal og Tørvikbygd.