Fast treningstid i idrettshallane 2018/2019 - søknadsfrist 5. august 2018

Søknadsskjema om treningstid på kveldstid i hallane i Strandebarm, Norheimsund og Øystese finn ein i vårt digitale søknadssenter.
Søknadsfrist er 05.08.2018.

Obligatoriske nøkkelmøte for trenarar, samt brannvernopplæring:

Idrettshallane i Kvam kan takast i bruk etter gjennomført brannkurs. Brannkurset gjeld for 1 år og for alle idrettshallane i Kvam, uavhengig kva hall du er treningsansvarleg for. Du deltek på kurset den datoen som høver best for deg, dersom ingen av datoane høver, må kurset gjennomførast på dagtid mellom kl. 07:30 - 15:00. Dette må avtalast med Jostein Neteland.

  • Øystese idrettshall 28. august kl. 18:00
  • Strandebarm idrettshall 30. august kl. 18:00
  • Norheimsund idrettshall 3. september kl .18:00