Er du kunstnar? Søk om opphald i kunstnarhusværet i Berlin

Kunstnarhusværet i Berlin vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag. I 2019 består spleiselaget av Hardangerkommunane og kunstnarorganisasjonen Harding Puls.

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete frå Berlin. dronepicr, Flickr (CC BY 2.0)   

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og produsentar i, eller med tilknytning til, Hardanger. Følgjande vert vektlagt:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

For ytterlegare informasjon og søknadsskjema, sjå Hardanger kunstlag sine nettsider.