Endringar i legetenesta

Klikk for stort bileteÅlvik legekontor vert stengt fram til 23. desember. Pasientar må venda seg til Helsebanken legekontor. 

Rickard Willemoes går ut i permisjon. Då det ikkje har lukkast å skaffa vikar, medfører dette endringar i legetenesta. Dag Erlend Skjelbreid vil vikariera 50% som fastlege for Rickard Willemoes, samt 50% på pasientlista som tidlegare høyrde til Jon Sivert Sandven («liste utan fast lege»). Dette vil vara til og med 23. desember for Willemoes sine pasientar, og fram til og med 31. desember for pasientane på lista som per no ikkje har nokon fast lege.

Svein Ivar Fylkesnes går samstundes inn som vikar som kommuneoverlege. Ålvik legekontor er feriestengt fram til 8. august, men vil no halda stengt til og med 23. desember. Pasientar må i denne perioden ta kontakt med Helsebanken legekontor, på tlf. 56 55 38 50.

I same periode vil det ikkje vera legekontrollar på helsestasjonen i Ålvik. Det vil vera helsesjukepleiar på skulen og helsestasjonen. Brukarar kan nytta telefon 906 36 059 (til helsesjukepleiar Grethe Helen Mæland), som før. 

Du kan lesa meir om saka, og intervju med kommuneoverlege Dag Erlend Skjelbreid i lokalavisa Hordaland Folkeblad.