Endringar for ferjereisande

Frå nyttår vert det nye prisar og nye ruter for alle ferjene i noverande Hordaland fylkeskommune. Samstundes vert brikkebetaling med AutoPASS innført. Dette melder Skyss.Klikk for stort bilete    

Det vert altså endringar på fleire måtar for deg som reiser med ferje:

  • Du treng no AutoPASS-brikke og ferjeavtale, dersom du ønskjer rabatt på køyretøyet ditt. For MC må det framleis betalast med bankkort eller kontantar. Passasjerar reiser gratis, og har du allereie kjøpt periodekort for buss der ferje er inkludert, må du ta kontakt med Skyss for å få pengar refundert. Les meir på Skyss isine nettsider.
  • Prisar for ferje vert frå nyttår regulert av AutoPASS-regulativ for ferjetakster, og vart vedteke av fylkestinget i Vestland tidlegare i desember. Sjå skyss.no
  • Ferjeruter finn du på skyss.no og her vert det også lagt ut driftsmeldingar ved avvik. 
  • Nesten alle ferjesamband får ny operatør og nye ferjer. Fjord1 overtek på ferjesambandet Tørvikbygd - Jondal, der hybridferja M/F Samlafjord skal gå. Denne ferja går på batteristraum og har ein dieselgenerator som back-up, og kan ta 130 personbileiningar og 295 passasjerar. 
  • Dersom du ønskjer å motta sms-varsling ved avvik i ferjedrifta, må du opprette nytt abonnement. Finn ut meir om SMS-varsling på skyss.no og registrer deg for SMS-varsel for Tørvikbygd - Jondal på Fjord1 sine nettsider.

Dersom du har spørsmål, innspel eller klagemål, kan du ta kontakt med Skyss sitt kundesenter.