Eigen fritidsportal opna på kvam.no

På ei ny nettside – Fritid i Kvam – har me samla informasjon om det kommunale fritidsarbeidet i Kvam. Der finn du også lenkjer til og informasjon om fritidstilbod i Kvam.

Klikk for stort bilete  

– Målet for oss som jobbar med fritid i Kvam, er at alle barn og unge skal få kjenna at dei har ein stad dei høyrer til og kan oppleva glede og meistring, seier Kristin Lundblad, som leier arbeidet med fritidskortet i Kvam. 

Ho er ein del av den tverrfaglege gruppa som i februar 2021 vart etablert for å arbeida med fritid. Denne gruppa koordinerer innsatsen rundt fritidsarbeidet, og har med representantar frå familiesenteret, barnevernet, NAV, helsestasjonen, kulturkontoret, kulturskulen, BTI-prosjektet (Betre tverrfagleg innsats) og Grannehjelpa.  

– Me vonar at denne sida kan vera ein døropnar for ei verdifull fritid. Publikum vil finna kontaktinformasjon til oss på sida, og me ynskjer innspel og spørsmål velkomne, seier Lundblad.

Det kommunale fritidsarbeidet er førebels konsentrert om born og unge. I den nye portalen er då også laga til ein «knapp» for vaksne, der det det ligg litt informasjon. Planen er at det skal koma ein breiare oversikt over tilbodet til vaksne etterkvart. – Det kjem også til å koma informasjon på fleire språk, men førebels er det berre informasjonen om fritidskortet som er omsett, og då til engelsk, arabisk, somalisk og tigrinja, fortel Lundblad.

Du finn den nye nettsida på www.kvam.no/fritid/. Lag gjerne eit bokmerke i nettlesaren din!