Digital fakturautsending frå Kvam herad

Kvam herad jobbar i desse dagar med innføring av ny løysing for utsending av fakturaer. Fleire vil få digital faktura. 

Den nye løysinga gjer at alle fakturaer vert forsøkt sendt digitalt, gjennom eFaktura, AvtaleGiro, Vipps Rekning, Digipost eller som vedlegg i ein e-post. Dersom det ikkje er mogleg å senda fakturaen digitalt, vert han framleis levert som papirfaktura gjennom ordinær post, men det vil ikkje følgja med ein brevgiro. 

For dei som idag har Avtalegiro eller eFaktura vil ikkje den nye løysinga medføra endringar. Me vil tilrå alle som får fakturaer frå Kvam herad til å oppretta ei eFaktura-avtale. Ei slik avtale kan du setja opp via nettbanken din eller via nets.no, om du loggar inn med BankID. 

For ytterlegare informasjon, sjå eigen artikkel om eFaktura og Avtalegiro.

Den nye distribusjonsløysinga vert sett i drift i starten av 2021. Meir informasjon vil koma her på kvam.no.