Dialogmøte med Fylkesmannen gav semje om kommuneplan

I går, tysdag 17. september, vart det gjennomført eit dialogmøte mellom Kvam herad og Fylkesmannen i Vestland om kommuneplanen. Fylkesmannen godtek akvakulturområdet ved Kvamsøy.

Det nye forslaget til plassering av akvakulturareal ved Kvamsøy

Frå Kvam herad møtte ordførar Jostein Ljones, varaordførar Heidi Sandven Botnen, heradsstyremedlem Borghild Storaas Ones, rådmann Anita Hesthamar, einingsleiar Heidi Ørjansen og planleggjarane Leiv I. Kaale og Trond Inge Brakestad.

Frå Fylkesmannen i Vestland møtte fylkesmannen sjølv, Lars Sponheim, samt seksjonsleiar Egil Hauge og fagdirektør Svein Kornerud. I møtet gjekk ein gjennom nokre gjenståande motsegner frå Fylkesmannen, med følgjande resultat:

  • Fylkesmannen aksepterer akvakulturområdet AK27 ved Kvamsøy, slik det no er lagt inn i planen, og der akvakulturanlegg ved Steinstø/Fyksesund vert teke ut.
  • Partane var samde i avgrensinga av Ljonesvågen smoltanlegg til det som tidlegare er gjeve dispensasjon for. Dette skal også framkoma på plankartet.
  • Fylkesmannen kan akseptera fastsetjing av byggegrensene mot sjø slik dei no er reviderte. Etter endringane i planføresegnene har Fylkesmannen ikkje lenger motsegn til desse.
  • Kvam herad tek ut arealformåla Oma småbåthamn, naust og rorbu (SN5 og SBH1), samt framlegget til forlenging av damvegen i Ålvik.
  • Heradet skal senda endeleg, revidert arealkart for kommuneplanen, og reviderte planføresegner til Fylkesmannen til gjennomsyn, før heradet vedtek kommuneplanen si arealdel. 

Dersom Kvam herad vedtek kommuneplanen sin arealdel i samsvar med framlegget som ligg føre og desse revisjonen har ikkje Fylkesmannen merknader til det.

Vidare politisk handsaming

Etter at dialogmøtet med Fylkesmannen har gjeve dette resultatet, vert det no lagt opp til vidare politisk handsaming av planen, i formannskapsmøte 1. oktober (møtet vert flytta frå 2. oktober) og i det sitjande heradsstyret sitt siste møte, 8. oktober. Saka vil verta tilgjengeleg i Kvam herad sin møteportal i forkant av dette.

Les meir: