Budsjettframlegget presentert

  

 

 

Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan vart presentert for heradsstyret i Kvam tysdag ettermiddag. Innleiinga har fått tittelen "Føre var". 

Der skriv rådmannen mellom anna om det arbeidet som er gjort når det gjeld risikoanalysar og vernebuing dei siste åra, heradet har då også fått ros frå Fylkesmannen for det overordna arbeidet med samfunnstryggleik. Samstundes står mykje arbeid att.

Rådmannen skriv også at ho har vore usikker på om ho burde setja spørjeteikn etter tittelen på budsjettinnleiinga, blant anna grunna status for ein del av kommunen sine eigedomar. "Det er gjort ein del løfta seinare år", skriv ho, men alt før kartlegging av bygg, vegar og bruer skal leggjast fram politikarane, åtvarer ho om at me på enkelte område ikkje berre er "etter snar", men endå lenger på etterskot. "Rådmannen har heller ikkje funne rom i budsjettet for 2020 til å tetta alle tak eller reparera sundkøyrde vegar. [...] Samstundes med at nokre av desse behova står udekt, er det både krav og ynskje frå stort sett alle stader i organisasjonen om meir ressursar".

Ei utfordring er at kommunen ikkje kan dekkja behovet gjennom å tilføra meir personalressursar. Noverande og komande oppgåver må difor løysast på andre måtar. Rådmannen peiker på verktøy som digitalisering, kompetanseheving og -deling, og nyskaping, men understrekar at det er "den enkelte medarbeidar og leiar som kjenner brukar og tenesta best, og [som] kan finna nye løysingar saman med andre, i og på tvers av avdelingar". 

Rådmannen peiker i innleiinga også på at ein større del av utgifter knytt til ressurskrevjande brukarar vert skyve over frå staten til kommunane, og syner til styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund), som seier at me treng ein diskusjon om berekraft: - Staten rettighetsfester tenester, men overlater i stadig større grad kostnadane til kommunane, seier Helgesen, "samstundes strammar regjeringa inn på kommunane sine eigne moglegheiter til å påverka sine eigne inntekter. Istadenfor å halda fram med slike årlege grep som er små for staten, men store for enkeltkommunar, treng me no ein stor og prinsipiell diskusjon om berekrafta i helse- og velferdstenestene".

Investeringar

Dei største investeringsprosjekta i 2020 vert oppstart av bygginga av Strandebarm Omsorg, og bygging av ny brannstasjon. I tillegg er det planlagt ei rekkje små og store prosjekt med ei ramme på til saman 50 millionar kroner. Rådmannen skriv i budsjettframlegget at nivået i økonomiplanen nok er for høgt, då kommunen i løpet av dei neste åra truleg mellom anna må starta opp arbeid med rehabilitering av Øystese barneskule, må vurdera nye avlastningsbustader og vil trengja nye lokale for stab- og forvaltarkontoret innan Helse og omsorg. 

Rådmannen sin presentasjon for heradsstyret er tilgjengeleg i kommune-TV.

Her kan du lesa meir: