Budsjettet ute til offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteFormannskapet sine tilrådingar i budsjettsaka og i saka om prisar og gebyr ligg no ute til offentleg ettersyn fram til heradsstyremøtet 8. desember 2022.


Sjå også: formannskapsmøte i opptak på kommune-TV 23.11.2022

Formannskapet si tilråding i FSK-sak 115/22:
Kvam herad - budsjett 2023 og økonomiplan 2023 - 2026:


Som rådmannen sitt framlegg med følgjande tillegg og endringar:

Verbalpunkt til tabell.

-              Eigedomsskatt. Innføre bunnfradrag på 300.000 kr. Kostnad 6 mill årleg. Varig endring for heile øk.planperioden

-              Fritidskortet. Videreføring av dagens ordning for 2023 0g 2024. ( 2,3 mill årleg)

-              Demens/musikkterapeut. Som omtala i budsjettdokument. (450.000 fram til 2025.)

-              Bemanning barnehage (inklusive styrerresurs) Dette gjeld auke i grunnbemanning. (2,5 mill årleg)

-              Reguleringsendring Torget – Pensjonisten.  Oppdatering av gjeldande reguleringsplan. (180.000 i 2023)

-              Auke i tilskot til Messen. Auke årleg kommunalt tillskot. (75.000, 80.000,85.000,90.000 for åra 23-26)

-              Eingangsauke til festivaler i Kvam. Søkbar løyving til større festivaler i Kvam. (500.000 i 2023)

-              Oppstart av regulering i Sandvendalen, tunnel innslag. (1.000.000 i 2023)

-              Lyssetjing av strandveg i Norheimsund.  500.000 i 2023. Kommunalt bidrag ut over samla privat bidrag og spelemidler. (som er ca 950.000 kr)

-              Granulatsikring. Søkbar pott til oppsamling av granulat fråd ei ikkje kommunalt drevne/eigde banane. (600.000 i 2023)

-              Kulturskulen. Auka tilbod i ytterkantane i heradet. (120.000 i 2023 og120.000 i  2024)

-              Sanserom Tolomarka. Midler til møblering av rommet. (70.000 i 2023)

-              Utekontakten. Auke i resurs til tenesta. (375.000 kr) I heile perioden.

-              Auke i tilskot til Grannehjelpa. Grannehjelpa har auke i driftskostnader. (150.000 årleg i heile perioden)

Finansiering:

-              Utbytte  (Kvam kraftverk,Eviny) Posten er auka utbytte frå Kvam kraftverk og utbytte frå Eviny. 12 mill i 2023, 8 mill i 2024, 7 mill i 2025, 6 mill i 2026

-              Skatteingang:  Justerer opp budsjett med 2,5 mill årleg i heile øk.planperioden. Skatteinngangen er jamnt aukande, og det er sannsynleg at den aukar vidare til neste år.

Investeringar:

-              Haugamyr. Løyving i tråd med søknad om oppstartsmidler. 2.100,-  Finansiering disposisjonsfondet

-              Gangveg Torebøen.  Finansiering av kommunal del i tråd med inngåtte avtaler. 2 mill i 2023, 6,7 mill i 2024. Finansiering disp.fondet

-              Sløydsal Ålvik skule. 200.000,-. for 2023 Etablering av sløydsal ved Ålvik skule. Finansiering disp.fondet

-              Snuhammer fartøyvernsenteret. 3.3 millionar i 2023.  Snuplass/parkering til busser. Finansiering: disp.fondet

Ynskje om utgreieing av måltid på skulane i Kvam.

Ynskjer utgreiing på kostnad med eit dagleg brødmåltid eller liknande i skulen. Rapportering i lag med 1. tertial.

Strandebarm omsorg

I forbindelse med flytting til nye Strandebarm Omsorg er det varsla til bebuarane at det vil bli fatta nytt vedtak. Dette har skapt stor uro. Rådmannen får difor i oppgåve å legge fram ei sak i løpet av 2023 som viser kva endringane vil bety for dei noverande og framtidige bebuarane. Saka skal og vise kostnadsbiletet med å endre frå heildøgns omsorg/omsorgsbustad, til institusjon med eks.13 plassar, og den totale statusen i dag, og trongen for institusjonsplassar i heradet i åra framover.

Ein forutset at flytting for dagens brukarar, ikkje endrar det omsorgstilbodet dei allereie har fått vedtak på. Institusjonsplassar på Strandebarmheimen vert soleis vidareførte på Strandebarm Omsorg etter flyttinga, med antal institusjonsplassar likt antal vedtak om institusjonsplass ved flyttinga. Planlegging av drifta må hensynta dette både med omsyn til bemanning og fagleg nivå på stillingane.

Sjå også tabell (XLSX, 13 kB)

Dette framlegget vart støtta av Ap, Frp, KrF og H, og fekk fem røyster.

Senterpartiet (PDF, 413 kB) og MDG (PDF, 79 kB) sette fram eigne framlegg (lenkje i partinamn). 

 

Formannskapet si tilråding i FSK- sak 116/22:
Forskrift om eigedomsskatt for Kvam herad 2023

Vedlagde forskrift, takstvedtekter og liste over eigedomar med fritak for eigedomsskatt, med heimel i lov av 6. juni 1975 om eigedomsskatt til kommunane §2 og §7B, vert vedteken slik dei ligg føre.

Endringsframlegg frå H, Krf, Ap og H:
Sak 116/22 Forskrift om eigedomsskatt.

Som rådmannen sitt framlegg med fylgande endring i § 4 i forskrift.
§ 4. Det vert gjeve botnfrådrag på 300.000 kr bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar, jfr. Eskl. §11, andre ledd.

 

Formannskapet si tilråding i FSK- sak 117/22:
Prisar og gebyr 2023

1. Kommunale gebyr, prisar, avgifter og betalingsordningar skal fakturerast i tråd med vedlegget «Prisar og gebyr 2023»

2. BIR Privat AS vert delegert fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av Kvam herad, jfr §12 i Forskrift om handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrer Kvam herad.

3. Avfallsgebyr skal fakturerast i tråd med vedlegget «Pristabell renovasjonsgebyr Kvam herad 2023». Prisen på renovasjonstenester for 2023 vert redusert med 1,0 % med unntak av eigenandel for levering til gjenvinningsstasjonane og enkelte tenester utanfor standard renovasjon. Desse vert haldne uendra. Kommunalt påslag vert sett til kr 190 for hushaldning, kr 95,50 for fritidsbustader og kr 47,50 for campingvogn.

4. Rådmannen får fullmakt til å fastsetja prisar på ny velferdsteknologi etter kvart som det vert aktuelt.

5. Rådmannen får fullmakt til å endra prisar i tråd med statlege satsar som vert fastsett i statsbudsjettet.

6. Rådmannen får fullmakt til å endra gebyr og prisar i tråd med evt. endringar for pris og gebyr i vedtak i HST-sak «Kvam herad - Budsjett 2023 og Økonomiplan 2023- 2026».

Denne tilrådinga vart samrøystes vedteke med 9 røyster i formannskapet