Bli med på SOMMARLES 2019 - den kulaste lesekampanjener igang!

 SOMMARLES

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7.klasse, delta på Sommarles.no 2019 i Kvam!

For kvar bok du les og registrerer på Sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level.

Sommarles.no er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du
kan få nokon til å lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få
både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles.no er ein nettbasert kampanje. Det vil seie at du lagar ein egen profil, registrerer bøker, får
lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les, alt på nettsida Sommarles.no . Her får
du også tilgang til ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut
altom.sommarles.no (eller Sommarles.no etter den 1.juni) for meir info.