Biblioteka opnar

Velkomen til oss! Frå og med onsdag 20.mai opnar biblioteka i Kvam så smått.
Me har mange smitteverntiltak og restriksjonar og i første omgang vert det ope to dagar i veka i biblioteket i Norheimsund og ein dag i veka i biblioteka i Ålvik og Strandebarm

Klikk for stort bilete 

Det aller viktigaste å hugsa på er at om du er sjuk, skal du halda deg heime.
Ingen sjuke personar (tilsette eller bibliotekbrukarar) skal inn i biblioteka.
Elles blir dagane på biblioteka slik:

  • Kun utlån inne i biblioteket.
  • All innlevering skal skje i innleveringskasse
  • Det skal vera minst 1, helst 2 meter mellom kvar person i biblioteket og me må soleis tilpassa kor mange som kan vera inne i bibioteka til ei kvar tid
  • Ingen får opphalda seg inne i lokalet meir enn 10-15 minutt
  • Tidsskriftavdeling,  sitjeplassar og publikumsPC vert ikkje tilgjengelige.
  • Toaletta vert stengt for publikum.
  • Me oppmodar til mest mogeleg tinging av materiale på førehand, slik at bibliotekaren kan plukka frå hyllene og lånaren  kan henta.

Me forventar at alle som er innom biblioteket rettar seg etter dei nasjonale retningslinjene om å halda god avstand og å ha god hoste- og handhygiene.
 

Opningstider fram til sommaren:

Hovudbiblioteket i Norheimsund
Tysdag:   Take-away-bibliotek 13 -14 (me legg ut posar som er tinga på førehand)
Onsdag: ope 10 – 16
Torsdag: ope 12 – 19
Biblioteket i Ålvik
Fredag:   ope 10 – 14 
(+ utlevering av posar ved tinging)
Biblioteket i Strandebarm
Mandag: ope 15-18
(+ utlevering av posar ved tinging)
Ordninga føreset at me ikkje får ein situasjon der me ikkje kan bemanne tenesta.