Besøk i heildøgnsomsorgsbustad og institusjon

Klikk for stort bileteNye retningsliner gjeld no for besøk i omsorgsbustader og institusjonar. 

Den nye rettleiinga frå Folkehelseinstituttet om Covid- 19 er bygd på frivillighet, også for brukarar i heildøgnsomsorg og institusjon.

Rettleiinga omhandlar alminnelege råd som hand- og hostehygiene, å halda avstand til andre og å halda seg heime dersom ein er sjuk. Kvam herad ynskjer likevel å oppretthalda ulike tiltak for å hindra smitte blant bebuarane.

  • Heildøgnsomsorgsbustad/institusjon ynskjer oversikt over besøk. På den måten kan me setja inn tiltak dersom smitte vert oppdaga hos pasient/brukar, besøkande eller personell.
  • Besøkstida vil bli vurdert etter kapasitet og individuelle vurderingar.  Det er ulike reglar for dei som ikkje er i stand til å gjennomføra smitteverntiltak.  
  • Det er viktig at alle besøkande utfører god handhygiene før dei kjem, også ved besøk utandørs.
  • Besøkande skal gå direkte til og frå bebuar-rom, og ikkje opphalda seg i fellesareal.  
  • Besøkande skal halda minst 1 meters avstand til personell og til andre pasientar/bebuarar.
  • Besøkande ( 2-3 personar i gongen) skal halda minst 1 meters avstand til den dei besøker, og unngå tett ansikt-til-ansikt kontakt.
  • Pasientar/bebuarar kan ta imot gåve, blomar og liknande. Det er ikkje behov for særskilde reglar, men det er viktig å følge generelle råd for håndhygiene, for å førebyggja indirekte kontaktsmitte.
  • Om besøkande har med seg mat må alle utføre god handhygiene før maten blir servert. Besøkande skal ikkje nytta kjøkken i omsorgsbustad/ institusjon.
  • Pasient/bebuar skal vaska hendene når dei besøkande er gått.
  • Dersom besøkande i etterkant av besøk i heildøgnsomsorgsbustad/institusjon får symptom på covid-19 og har gjennomført prøvetaking, ynskjer me at du gjev kommunen beskjed om dette. Ta kontakt med gruppeleiar eller smittevernslege.
  • Besøkande til heildøgnsomsorgsbustad kan trilla bebuar i rullestol. God handhygiene må utførast i forkant og i etterkant. For dei som bur i institusjon vil personalet trilla bebuar ut til besøkande.
  • Bebuar kan reisa i bil med pårørande, men helst korte avstander.  Nærkontakt må unngås så godt som mogeleg. Bebuar bør helst sitja i baksetet.
  • Besøk innandørs i private heimer bør unngås, men kan gjennomførast med 1 meters avstand og maks 4 pårørande til stades.
  • Private grupper på inntil 20 personar kan samlast ute dersom avstand på minst 1 meter kan oppretthaldast.
  • Dersom du har spørsmål eller synspunkt ta kontakt med gruppeleiar.