Årsmelding 2018 for Kvam herad

Årsmeldinga- og rekneskapen til Kvam herad er ferdig revidert, og klar til politisk handsaming. Klikk for stort bilete

Rådmannen si innleiing i årsmeldinga, har fått tittelen "Vårt beste resultat?", og viser til tittelen til budsjettdokumentet for 2018, «Vår beste dag». Tittelen henta tidlegare rådmann Arild M. Steine frå Erik Bye sitt dikt med same namn. Og det er ikkje tvil om at det var ein god dag då resultatet for 2018 var klart. Eit netto driftsresultat på 41,3 mill.kr. og 4,7 % gjer godt i ein kvar kommunekasse og lettar trykket på ein pressa økonomi. 

Meir om resultata frå 2018 kan du lesa om i årsmeldingsdokumentet her

Saka skal fyrst opp i Kontrollutvalet sitt møte tysdag 23. april. Deretter i Formannskapet onsdag 24. april og i Heradsstyret 7. mai.

Alle saksdokumenta knytt til årsmeldinga, vert tilgjengeleg i den politiske møteplanen før påskeferien.