Arrangement i samband med BIR si gjenbruksveke

Klikk for stort bileteBIR som er Kvam herad sitt renovasjonsselskap ynskjer å fokusera på mindre forbruk og gjenbruk.  Kvam herad bidreg i lag med lag og organisasjonar med arrangement frå måndag den 21. november til sundag 4 desember.

I perioden 21. november til 27. november: Biblioteka i Kvam har utstillingar med litteratur som omhandlar gjenbruk og redsign

Tysdag 22. november, kl 16.00:  Biblioteket i Norheimsund.  Gjenbruk.  Englekurs.  Lær å bretta englar av gamle boksider. Lærar Agnethe Mohn. Gratis.  Aldersgrense ti år. Møt opp.

Onsdag 23. november, kl 19.00-20.00. Gamleskulen på Norheim. Redesign og reperasjon av klede. Kurs til inspirasjon ved Brita Træbakken. Gratis. Møt opp.

Sundag 4. desember, kl 17.00-18.00. Norheimsund skule/Norheimsund idrettshall. Skibytedag. Ta med deg ski og skeiser du ikkje treng lenger, eller kom innom om du treng noko nytt! Det blir kaffi og vafler i kaféen.  Arrangør-Kvam LSK. Møt opp.