Alkovett i barneidretten

Av-og-til Det skal vere trygt og godt for barn og unge å drive med idrett i Kvam herad. Difor bør idrettslaga ta ein prat om alkohol.

Kvam herad samarbeider med alkovettorganisasjonen Av-og-til for å førebyggje skadeverknadene av alkohol, særleg på arenaer for barn og unge.

– Barneidretten er utruleg viktig for mange barn. Her opplever dei meistring, tryggleik og glede. For barn som veks opp i ein heim der mamma eller pappa drikk for mykje, kan idretten gjere den store forskjellen, seier Reidun B. Kjosås, som er kontaktperson for Av-og-til-arbeidet i Kvam herad. 

Treng trygge vaksne

Dei fleste er samde om at barneidrett og alkohol ikkje høyrer saman. – Alkohol øydelegg dei trygge rammene i idretten. Sjølv om haldningane er gode og dei aller fleste av oss tek avstand frå alkohol i barneidretten, er det dessverre overraskande mange klubbar som opplever utfordringar med alkohol, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til.

Dersom klubben har klare retningslinjer for alkohol, er det lettare både for leiarane, trenarane og foreldra å ta sin del av ansvaret.

Ver ein god støttespelar

I kvar einaste klubb kjem det barn på trening med den vonde hemmelegheita at mamma eller pappa drikk for mykje alkohol.

– For ein støttespelar i barneidretten handlar det om å sjå kvart enkelt barn og situasjonen til det enkelte barnet. Ver interessert og spør korleis det går. Vis at du bryr deg, oppfordrar Kjosås i Kvam herad.

Vil du vite meir om korleis du kan vere ein god støttespelar i idretten?

Meld deg på til nyheitsbrev og få verktøy, tips og råd for arbeidet i idrettslaget: https://avogtil.no/meld-deg-pa-nyhetsbrev-om-idrett/

Kvam herad er ein Av-og-til-kommune

Kvam er ein Av-og-til-kommune og jobbar saman med Av-og-til for å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk. Vi samarbeider om fleire kampanjar, mellom anna fokusveka, som er eit felles krafttak for å setje alkohol og idrett på agendaen.

Av-og-til-kontaktperson i Kvam:
Reidun B. Kjosås
Send e-post
Telefon: 56 55 68 68
Mobil: 917 37 515