Alkohol og båtføring er ein dårleg kombinasjon

Det er mange gode grunnar til å halda seg edru bak roret.Klikk for stort bilete Av-og-til
 

I Noreg elskar vi å vera ved og på sjøen om sumaren. Herlege, lange og lyse sumardagar byr på sorglause stunder saman med venner og familie. For å bevara denne idyllen er det viktig å redusera risikofaktorane på sjøen. I minst kvar femte dødsulykke på sjøen har det vore alkohol med i biletet. Difor jobbar me kvar sommar for at båtfolket skal vera klåre i hovudet – og klåre for sjøen.

Alkohol gjer deg til ein dårleg båtførar

Alkohol påverkar eigenskapar som er heilt sentrale for å føre båt. Dersom du har drukke, blir du meir risikovillig og impulsiv, og du får lengre reaksjonstid. Er du bak roret på ein båt, kan det vera livsfarleg, både for deg sjølv, dei andre i båten og medtrafikantane dine.

Alkohol reduserer overlevingstida i vatn

Balansen din vert dårlegare når du har drukke, og risikoen for å ramle over bord aukar. Alkoholpåverka personar har større risiko for å drukna, sjølv ved korte symjeturar. Er du i vatn, blir kroppsvarmen redusert fortare enn om du er på land, og overlevingstida blir mykje kortare.

I tillegg til nedkjølinga gjer promillen at du vert dårlegare på sjølvberging. Svømmetaka blir slappare, løysingstankegangen blir dårlegare, og du vert lettare medvitslaus. Det er ingen god idé å bada når du har drukke, verken frivillig eller om du skulle ramla over bord på båtturen.

Me jobbar for at det ikkje lenger skal skje ulukker på sjøen på grunn av promille. Skal me få til det, må me snakka meir om effektane alkohol har på kroppen, og om kvifor ein bør halde seg edru til rors.

Kvam herad er ein Av-og-til-kommune

Kvam er ein Av-og-til-kommune og jobbar saman med Av-og-til for å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk. Vi samarbeider om fleire kampanjar, mellom anna Klar for sjøen, som er eit felles krafttak for tryggleik på sjøen som alle organisasjonar og etatar med oppgåver og interesser for trygt fritidsbåtliv er med på.

I sumar kan du møta oss på Trebåtfestivalen 15. juni og få brosjyrar, lakrisbåtar, krabbesnøre og mykje anna.

Vil du vita meir om arbeidet for godt alkovett i Kvam? Kontakt Bjørnar Dagstad på tlf. 56 55 30 00 eller bjodag@kvam.kommmune.no 

Du kan lesa meir om alkohol og båtliv på Av-og-til sine sine nettsider.