SMISO Hordaland (Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland) har fått støtte frå Sparebankstiftinga Hardanger til oppretting av ein filial plassert i Norheimsund.

BIR sin logo

For å sikre lik og rettferdig betaling av renovasjonsgebyr for alle eigedommar har BIR kartlagt fritidseigedomar som i dag ikkje betaler avfallsgebyr. Aktuelle grunneigarar og festarar vil få skriftleg varsel om renovasjonsgebyr hausten 2018.

Kart over dei ulike alternativa som skal utgreiast nærare

Eit samrøystes formannskap i Kvam herad rår til at heradsstyret vedtek planprogrammet for kommunedelplan Fv7 Tokagjelet, med tillegg om at det må vera med ei utgreiing om korleis eit kort tunnelalternativ kan forlengast seinare. 

Fredag 2. november er det formannskapsmøte. Blant sakene formannskapet på møteplanen er vindkraft, deltaking i lyntogsamarbeid og kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. 

Kvam familie- og læringssenter ligg i tilknytning til rådhuset, men får eigen inngang på baksida.

Kvam herad sitt nye familie- og læringssenter er snart ferdig, og før jul flyttar ulike tenester inn. Her kan du lesa om kvifor senteret vert etablert, og om kva det vil tilby.

I Kvam herad vart det gjeve 48,91 kroner per innbyggjar til årets TV-aksjon. Det er 2,75 kroner over landssnittet. Brorparten av pengane vart samla inn av bøsseberarar.

Hardangerkonferansen går av stabelen 14 - 15. november. Programmet inkluderer blant andre professor Dag Jørund Lønning, forfattar av Jordboka, og den svenske champagneforfattaren Richard Juhlin.

Måndag 22. oktober kjem Hordaland fylkeskommune sitt utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) til Kvam for å gjennomføre synfaring og møte. Blant sakene som skal opp på møtet er Kvam herad sin kommuneplan.

Sundag 21. oktober går TV-aksjonen av stabelen. Innsamlinga i Kvam går føre seg mellom kl. 16 og kl. 18 og er organisert av ei kommunal arbeidsgruppe saman med grendeutvala.