Fredag 2. november er det formannskapsmøte. Blant sakene formannskapet på møteplanen er vindkraft, deltaking i lyntogsamarbeid og kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. 

Kvam familie- og læringssenter ligg i tilknytning til rådhuset, men får eigen inngang på baksida.

Kvam herad sitt nye familie- og læringssenter er snart ferdig, og før jul flyttar ulike tenester inn. Her kan du lesa om kvifor senteret vert etablert, og om kva det vil tilby.

I Kvam herad vart det gjeve 48,91 kroner per innbyggjar til årets TV-aksjon. Det er 2,75 kroner over landssnittet. Brorparten av pengane vart samla inn av bøsseberarar.

Hardangerkonferansen går av stabelen 14 - 15. november. Programmet inkluderer blant andre professor Dag Jørund Lønning, forfattar av Jordboka, og den svenske champagneforfattaren Richard Juhlin.

Måndag 22. oktober kjem Hordaland fylkeskommune sitt utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) til Kvam for å gjennomføre synfaring og møte. Blant sakene som skal opp på møtet er Kvam herad sin kommuneplan.

Sundag 21. oktober går TV-aksjonen av stabelen. Innsamlinga i Kvam går føre seg mellom kl. 16 og kl. 18 og er organisert av ei kommunal arbeidsgruppe saman med grendeutvala. 
 

Kinck-garden

Kvam herad sin kulturminneplan inneheldt ei «gul liste», med oversikt over stader og miljø med lokal kulturhistorisk verdi. Då heradsstyret handsama planen tysdag i førre veke, vart lista utvida.

Ålvik

Heradsstyret gjekk tysdag imot ei grensejustering som vil innebera at Ålvik vert ein del av nye Voss herad. Helge Karlsøen (V) og Thorleif Hauger (Frp) ville uttala seg positivt til ei utgreiing om grensejustering.

Slik ser planane for den nye Strandebarmheimen ut

Heradsstyret gjekk tysdag ettermiddag samrøystes inn for at arbeidet med den nye Strandebarmheimen skal setjast i gang på Tangerås ved Strandebarm skule.